47 prosent av ungdom i alderen 16 til 19 år kjenner seg einsame under koronapandemien, viser nye tal frå Opinion.
Frå april til november oppgav i gjennomsnitt 37 prosent av dei unge mellom 16 og 19 år at dei var einsame på grunn av koronasituasjonen. Andelen einsame gjekk noko ned i juli, men har auka igjen utover hausten, skriv VG.
Ifølgje rapporten kan det ha samanheng med meir smitte og strengare smitteverntiltak gjennom hausten.
– Eg trur den auka rapporteringa om opplevd einsemd vil minke når restriksjonane forsvinn, seier Amy Østertun Geirdal, professor og forskar på psykisk helse ved Oslomet, til avisa.
(©NPK)