19 år gammal tok Ruben Nordal Solheim over den dåverande Statoil-stasjonen på Krokane og blei omtala som «Norges yngste statoilsjef» i lokalavisa.
Knappe to år etter opna han klesbutikk på Amfi-senteret. Dette skulle vise seg å vere eitt av dei få prosjekta hans som ikkje gjekk så bra. Å drive bensinstasjon i Ålesund viste seg heller ikkje enkelt.
Det var uansett ikkje nok til å stoppe Ruben. Det neste Firdaposten-oppslaget handla om at han hadde dobla omsetninga ved den strategisk plasserte bensinstasjonen. Eit drygt år etterpå, i januar 2017, blei det kjent at han hadde kjøpt Fargerike-butikken Florø Interiør på Evja.
Det siste tilskotet til forretningsdrifta er byens einaste reine møbelbutikk, Fagmøbler i Markegata, som han tek over frå 1. januar. Han har også drive ein Circle K-stasjon på Nordfjordeid. 21. desember fylte han 28 år.