Desse namna vil nesten ingen kalle barna sine

Av
DEL

Amen, Valdemar og Daud er berre nokon av dei mest uvanlege namna norske barn fekk i 2017.

Ventar du barn, eller slit du med å finne namn på din nyfødde son eller dotter?  Statistisk sentralbyrå (SSB) har samla en liste over de mest spesielle navnene nyfødde i 2017 fekk, i tillegg til ei oversikt over uvanlege namn på 1800- og 1900-talet, skriv Nettavisen.

- Det finnest ufatteleg mange sjeldne namn. Vi snakkar tusenvis! For eksempel er det 15.000 ulike fornamn som er delt av berre to personar i Norge, seier Jørgen Ouren, namneekspert i SSB, til SSB.

Fritt navnevalg

I 2017 var det 2.290 jenter og 2.187 gutter som fekk eit namn ingen andre i landet har.

Av omsyn til personvernet blir ikkje namn gitt til færre enn tre personar offentleggjort. Men namna som blei gitt til mellom fire og ti nyfødde i fjor, er samla på SSB sine nettsider.

- Når fire personar heiter det same, er det ikkje så sjeldant. Men det er uvanlege namn, og det kan vere fordi namna er på veg inn eller ut, seier Ouren til Nettavisen.

Ouren er veldig positiv til at folk vel unike namn.

- Det er bra at foreldre vel noko anna enn namn frå topplistene, for det er meir praktisk, seier han, og viser til at barnet kan få fleire på sitt klassetrinn med same namn.

- Gøy med sjeldant namn

Navnet Malte er eitt av namna som er ganske sjeldent i Norge. I 2017 fekk fem guttebarn namnet, og det er totalt 60 personar som har det som einaste fornamn.

 LIKAR DET: Malte Loller-Andersen (26) synes than har eit fint navn.

Foto: Privat

- Det er gøy å ha eit så sjeldant namn. Ikkje mange har høyrt om det før, men begge foreldra mine er danske og i Danmark er det eit ganske vanleg namn, seier Malte Loller-Andersen (26), som har vakse opp på Kolvereid i Nord-Trøndelag.

Fritt namneval

Ouren fortel at det er fritt namneval i Norge, så lenge namnet ikkje kan skade barnet. Det er heller ikkje lov å lage nye førenamn av eksisterende etternamn.

Fenomenet er ikkje nytt.

Tilbake i 1801 var det nokre jenter som fekk namna Grissilde og Diis, mens enkelte gutar fekk namn som Uff og Nub. I 1900 kalte foreldre jentebarn for Gjær og guttebarn for Veier.

- Det er mange morosama namn fra den tida. Eg meiner at dersom eit namn er for humoristisk, så bør du kanskje velge eit anna til barnet ditt, seier Ouren.

Lurer du på hvor uvanlig akkurat ditt navn er? Klikk her for å finne det ut.

Dei mest uvanlege jentenamna i 2017

  • Mimmi (4)
  • Amen (4) 
  • Kanutte (4)
  • Flora (4)
  • Eden (5)
  • Snit (5)
  • Bjørk (6)
  • Villemo (7)
  • Gloria (8)
  • Hafsa (9)

Kilde: SSB 

Dei mest uvanlege gutenamna i 2017

  • Hector (4) 
  • Daud (4) 
  • Enok (4)
  • Valdemar (4)
  • Tørres (4)
  • Atlas (5)
  • Marinius (5)
  • Elling (6)
  • Leif (7)
  • Sølve (8)

Artikkeltags