Prisen på drivstoff blir skrudd opp to gonger i veka. No har Konkurransetilsynet kartlagt det nye mønsteret i prisendringane.

I mange år var prisane på bensin og diesel lågast måndag og torsdag morgon. Dette mønsteret er no brote, men prisane går framleis i syklusar. Det er som oftast to prisløft i løpet av ei veke, og då blir prisane auka over heile landet i løpet av same dag hos alle dei store kjedene.

– Prisaukane ser ut til å skje kvar tredje eller fjerde dag. Dei første løfta på kvardagar skjer typisk rundt klokka 10, medan det skjer noko tidlegare på morgonen i helgane. Prisane er på sitt lågaste rett før denne prisstiginga skjer, men også i timane etterpå, før alle stasjonar har følgt etter og også auka sine prisar, seier seniorrådgivar Stig Torje Bjugn i Konkurransetilsynet.

Derfor er det svært viktig for bilistane å følgje med på prisbiletet i nærområdet sitt og unngå å fylle tanken når pumpeprisen er på det høgaste, er rådet frå Konkurransetilsynet.

Det er relativt mykje å spare på å vere ein medviten forbrukar. Prisane varierer gjerne med opp mot 3 kroner per liter frå topp til botn mange stader, og i periodar kan forskjellen vere meir enn dette.

(©NPK)