FIRDA: Rett før midnatt natt til onsdag fekk politiet inn to meldingar frå Florø med korte mellomrom.

– Det blei meldt om høg musikk frå russen, der meldingane vi fekk dekte store delar av halvøya, seier operasjonsleiar Eirik Loftesnes i Vest politidistrikt.

Politiet reiste då ut til Circle K, men då dei kom fram hadde russen flytta på seg. Russen var altså på flyttefot. Like etter kom det ei ny melding, denne gongen i området ved Vangsvegen, nære Flora vgs.

– Der rykte vi også ut, og kom i kontakt med fleire russebussar på staden. Dei var imøtekomande i forhold til meldingane, og skjønte problemet til naboane, seier Loftesnes og fortset:

– Dei avslutta festen, og drog heimover. Det gjekk veldig bra.