Terningkast 5: Glimrande power-pop

Eurotrash.

Eurotrash.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

EUROTRASH - "Live Slow, Die Old"

DEL

Å hildrande du! Har The Goo Goo Dolls gjenoppstått? Frå den gongen dei var verkeleg gode? Eurotrash, frå mjøstraktane, påstår sjølve at dei er unge. Men som du skjønar av innleiinga er det ikkje så mykje som høyrast ungdommelig ut. Bortsett frå spelegleda og entusiasmen. Det er ikkje ofte ein høyrar ei så velspelt og velarrangert plate. Det finnast ikkje noko daukjøt eller overflødig på nokre av dei 10 låtane her.

Vi snakkar om heilt glimrande 90-talsinspirert powerpop. Som til dømes før nemnde Goo Goo Dolls. Jellyfish på stereoider. Eit snev av Bryan Adams. Gin Blossoms, Marvelous 3 og Enuff 'z Enuff. For å nemne nokre få. Og til ein viss grad deira norske kollegaer The Yum Yums og Sugar Louise. Men det er klart, med ein sånn tittel på plata brenn ein tydelegvis ikkje lyset i begge endar og lever ut rock'n roll-draumen.

Men ikkje for det, "Back In" er ei i overkant frisk opning på ei i over gjennomsnittet frisk plate. Mykje gitarar og eit herleg driv. Melodiøst. Eit lite hint av Grunge. Som sagt, velspelt og velarrangert. "If You Want It" fortset ned same avenyen. Med litt meir variasjonar på rytme og gitarar. Og akkurat variasjon finn ein også i byrjinga på "Live Slow, Die Old". Litt røff leadgitar. Og nettopp ein viss variasjon er viktig for ein plate som dette. Eindimensjonal powerpop blir berre kjedeleg.

"Looking for a Reason" med si litt avmålte intro og litt nølande veg vidare varierer óg. Men etter litt taktskifte og oppbygging er vi på rett veg, i rett tempo. Og det er vi og raskt på "Tear You Apart". Med etter kvart eit av platas mest utprega allsongrefreng.

"Moron Boy" har óg eit nynnevenleg refreng. Som avsluttar side ein på den raude flotte plata. Utan at dei har klart å slite meg ut; det var kanskje like greit med ein pust i bakken. Men ut i frå tittelen "Surf Punx" skjønar ein gjerne at det ikkje blir noko rolegare på side to. Men punk er det ikkje. Igjen med ein flott melodi. Og faktum er at dei fire låtane på side to er endå litt meir varierte.

"Change Pace" er i så måte eit godt eksempel. Her høyrast dei ut som ei høfleg utgåve av Dropkick Murphys. Med andre ord irsk gladpunk. Og etter å ha rista litt hardt på førre låten, føler dei kanskje for å roe ned på "Hey, That's Fine". No har dei trass alt starta innflyginga til avslutninga på plata. Låten går om ikkje anna litt saktare i byrjinga. "Avalanche" avsluttar plata og er ikkje så valdsam som tittelen skulle tilseie. Litt roleg byrjing også her. Men dei girar etter kvart opp og er oppe der dei skal være. "Live Slow, Die Old" er produsert av Tomas Dahl (Turbonegro, Caddy) og han står også for trommespelet på plata. Og som du skjønar- har dei saman skrudd i hop ei ganske så glimrande powerpop-plate.

Det er ikkje ofte ein høyrar ei så velspelt og velarrangert plate. Det finnast ikkje noko daukjøt eller overflødig på nokre av dei 10 låtane her.

Artikkeltags