Gå til sidens hovedinnhold

Born + blues = sant

Good Time Charlie slepper ny plate i Florø:

Artikkelen er over 5 år gammel

Laurdag kjem Good Time Charlie med si andre barneplate på få år. Og Florø får første prøvesmak, med konsert og sleppefest i samfunnshuset på laurdag.

Rock- og bluesbandet Good Time Charlie, med den superproduktive eikefjordgitaristen Steinar Karlsen på laget, er igjen plateaktuelle. Mange heva nok augnebryna då dei på tampen av 2013 annonserte at dei skulle gi ut barneplate, men resultatet, «Draumeblues og Blåsus» fekk svært gode kritikkar, også hjå Firdapostens eigen Platearbeidar, som trilla ein solid femmar på terningen.

På norsk, på dialekt

No er dei klare for å gi ungar ein ny dose blues, og tittelen på den nye plata er «Jubel og Skrubbsår». Igjen er det rotekte blues det handlar om, med tekstar på vestlandsidalektar og med høg allsongfaktor. Med låttitlar som «Kjøpedilla», «Rotekonge» og «Forelska», så har Arle Hjelmeland & Co truleg ein god del på hjartet reint tekstmessig som born og ungdom kan kjenne seg godt att i.

Var spent

– Her finst både positivt innhald, mykje humor, dans og fri fantasi, skriv bandet i ei pressemelding i forkant av konserten.

Sist vi snakka med frontfigur Arle Hjelmeland, var han spent på mottakinga av Norges første bluesplate for born. Ikkje kva kritikarane måtte meine – men om musikkforma var eigna til å kommunisere med og engasjere ungar.

Mykje merksemd

No, to år seinare, er han neppe i tvil, for barneplata blei ein suksess for Førde/Flora/Bergens-bandet, med mange konsertar og mykje merksemd. At blues + ungar = sant, fekk sambygdingane til Steinar Karlsen oppleve under Eikefjorddagane, då bandet leverte ein strålande konsert i tett samspel med ungar som publikum.

Konsert laurdag

No ventar konsert og platesleppsfest i Flora samfunnshus førstkomande laurdag 24. oktober, på tidleg ettermiddag. Og sjølv om det er barneplata som står i fokus, så er dette ikkje musikk berre for dei minste – men heller for heile familien.

Plata «Jubel og Skrubbsår» er ute i butikkane frå 6. november, og Good Time Charlie består i dag av Arle Hjelmeland på vokal, Steinar Karlsen på gitar, Einar Olsson på trommer og Morten Skage på bass.

Kommentarer til denne saken