Fin til tider mollstemt poprock frå Bergen. Debutantar som får ein til å tenke på Madrugada og Midnight Choir. Og bykollegaene Poor Rich Ones. Utan å foreløpig nå opp på same nivå som nokre av disse. Men for all del, dei har tida foran seg. Vii snakkar foreløpig berre om ein sekslåtars Mini-LP.
“The Idealist” opnar side ein med ein gitarlinje og vokal ikkje ulikt Marillion i 1983. Trur eg. Men kva veit eg, eg har uansett ikkje høyrt “Script For A Jesters Tear” sidan den gongen. Men eg innbillar meg at britane var hakket over i pompøsitet.
Eg føler at “Stars And Memories” legg seg nærare artistane eg nemnde innleiingsvis. Og framstår musikalsk meir som eg likar det.
“Coming Up” avsluttar den første sida, litt meir up-tempo og rytmisk. Eit poppete refreng. Med litt meir symfoniske gitarar. Slett ikkje verst.
Etter å ha snudd plata startar “Firewall” som byrjinga på side ein. Tilbakelent opning. Eit roleg hypnotisk riff. Meir uptempo, halvvegs. Nesten som William Hut. Men mindre sofistikert.
“All That Matters” har eit roleg halvtempo, harmonisk lydbilete. Nesten westcoast i lyden. Litt Knopflersk i gitarlyden. Men også etterkvart litt tyngre i lyden, med ein herleg slidegitar i teten. Og flott duettvokal frå Stella Marie. Platas beste låt.
Dei avsluttar plata i litt høgare tempo med “Black Universe”. Igjen litt tyngre. Og igjen med det som høyrest ut som strykarar. Sjølv om hverken det eller keyboards er nemnt på omslaget. Det er uansett eit instrument som brukas med godt resultat på det meste av plata.
Det er blitt ei plate godt over gjennomsnittet, kanskje mest ein litt kort smakebit på ting som kjem.