Terningkast 5: Knallbra Aadland på nynorsk

Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

TOM ROGER AADLAND- "Rapport Frå Eit Grensehotell"

DEL

PlatemeldingEtter å brauta seg inn i mi musikalske verd i 2009 med "Blod På Spora", har han etablert seg som ein nynorsksyngjande artist av høg kvalitet.

Ein kan trygt seie Aadland si versjon av Bob Dylan sin "Blood On The Tracks" i så måte var ein openbering. Og kvaliteten er i alle fall ikkje på nedadgåande på årets utgjeving. No veit ikkje eg kva grense hotellet han skriv rapport frå ligg, "Rapport Frå Eit Grensehotell" er også namnet på opningslåten. Og det er mørkt og dystert. Tilsynelatande. Med ein vegg av strykarar. Paukar og tunge bjøller. Men det lysnar litt etter kvart. Tilsynelatande. Eg tykkjer å høyre spor av Plura Jonsson og Eldkvarn. Noko som for så vidt gjeld heile plata. Noko som i mi bok er eit kompliment.

 "Songen Av Jorda" aukar trivselsfaktoren igjen. Ein litt lysere og lausare låt. Med nennsam bruk av pedal steel. Han kjem endå meir ut av tunnelen og ut på den opne landevegen på "Like Til Mi Dør". Og når eg no allereie har brukt ein Henning Kvitnes-referanse kan eg følgje opp med å seie at Aadland ikkje ligg så langt unna musikalsk det haldensaren driv med no. "Haust" tek lydbiletet i ei litt anna retning. Ein litt smågroovy ballade. Ikkje fjernt frå det The Band dreiv med. Det er nesten så at ein forventer at Levon Helm skal opne kjeften etter den Hudson/Manuel-inspirerte orgelopninga.

Ein får ikkje noko betre enn artistar som syng på morsmålet sitt. Det finnast nok av eksempel på det motsette.

Roald Hansen

Det blir mørkare att på den suggererande "Alle". Igjen litt forskjellig. Med ein banjo som eit av instrumenta som leiar an. Med massesuggesjon som tema i teksten. I så måte står tekst og musikk godt saman. "Vel Av Garde" tek óg sin eiga veg. Ein sparsommeleg fin liten visesnutt. Om du sit med ein digital versjon av plata avviker no låtrekkefølgja frå det eg skriv om. Det er fordi spelelista mi er rissa i vinyl.

Han endrar spelet igjen på "Har Du Hatt Den Kjensla". Første låten på side to. Det høyrest nesten ut som ein lysare og trivelegare utgåve av Thåstrøm og Imperiet på midten av 80-talet. Sannsynlegvis med Aadland på basspedalar i botnen. "Hud Mot Hud" gjer meg óg assosiasjonar som tidlegare på plata til vår venn frå Halden. Igjen, etter som ting har utvikla seg, ein kompliment i mi bok.

"Einsam Utan Deg" køyrer over på den mørkare sida. Bluesinspirert Tom Waits-groove. Med mykje rare lydar, men framleis med Aadland i fin form. Han roar det kraftig ned på "Oppløyst Og Medtatt". Rolegare låt, men med stor intensitet. Nærast ein ballade. Og for å være litt morosam vil eg ha det opplest og vedtatt; dette er ei kjempeflott plate!

"Farsfolket" avsluttar plata. Litt meir intens, litt høgare tempo, attende i gata til The Band. Med anslag av gospel. Ein på mange måter heidundrande flott avslutting. Og utan å gå djupare inn i tekstane, dei gode og elegante. Her i Noreg får ein ikkje noko betre enn artistar som syng på morsmålet sitt. Det finnast nok av eksempel på det motsette. Allereie i år 3-4 stykker, utan at eg gidd å dvele ved det. Eg tykkjer det er viktigast å konsentrere meg om dei som leverar varene. Som Aadland.

LES OGSÅ : Fløyel og stål

LES OGSÅ: Det du aldri sa

LES OGSÅ: Blod på spora

Artikkeltags