Plate nummer to frå Drammensbandet, som nok ein gong insisterer å synge på nynorsk. Hardcore nynorsk. Og få ting gjer meg gladare enn hardcore nynorsk. Dei kan til tider framleis minne om Kvelertak. Men Blodsmak er mykje tydelegare enn rogalendingane. Og koplinga til den norske folkemusikken er meir reindyrka her. Dei brukar heller heavy metal til å krydre og sprite opp eit velkjend formular. Det blir meir som Ni Liv på speed, av og til.
Dei slakker uansett ikkje av på trykket frå debutplata. “Fåfengt” opnar i sakral stil. Med korsong meir heimehøyrande i ei kyrkje. Og som etterkvart slår over i standard, tung rock. Ein eigentleg litt roleg start, det tek aldri verkeleg heilt av. Sjølv om dei har nokre heftige gitarsoloar mot slutten.
Men det gjer det på “Heimsøkt”. Her drar dei på langt hardare. Men framleis har dei folkemusikken og nynorskens skog i botnen. Mykje raskare, tyngre og råare lydbilete. På êin måte meir sjangertypisk.
Det høyrest ut som om dei har lyst til å rive ned noko. Blytunge gitarriff, men med ein flott folkemusikkmelodi oppå.
“Under Mørke Tyrirot” spelar med sin munnharpeintro på tydelege folkemusikkstrenger - utan at dei legg skjul på at dei har komme til festen for å rocke. Og ein fest er dette, heilt til siste låt.
Dei avsluttar den første sida av vinylplata med “Finn Kvila”, og låta let deg gjere nettopp det. Her blir det bygd opp med akustisk gitar og harmonium (det onde syskjenbornet til trøorgelet) i litt over tre og eit halvt minutt. Endå meir folksy, på ein nærast progressiv, jethro tullsk måte. Før dei igjen lar det stå laust, med ein sygande, nærast David Gilmoursk gitarsolo på vegen.
“Bang Bang”, som opnar side to er som tittelen antyder, ikkje særleg stillfaren. Den minner meg om Faith No More og er dermed den mest “moderne” låta her. Men også moderne fordi den inneheld noko som liknar på rap. Black metal light med rap på nynorsk, Ivar Aasen frå helvete.
Dei er attende på det jamne riffkøyret på “Framandkar”. Og det høyrest ut som om dei har lyst til å rive ned noko. Blytunge gitarriff, men med ein flott folkemusikkmelodi oppå.
Sjå video til låta "Bang Bang" her
Men hardare skal det bli, “Giljotin” har fått akkurat det tonefølgjet ein sånn tittel treng. Tungt, rått og brutalt. På grensa til trash. Men passeleg halde igjen av ein fin melodi.
Og at dei roer ned på “Høyrde Eg Skål”, seier nærast seg sjølv. Avsluttinga på side to og sjølve plata, blir same stilbrotet som avsluttinga på side ein. Og desse to låtane gjev denne plata den variasjonen og dynamikken som den treng for å løfte seg frå ein firar til ein femmar. Det er ingen spesielt utagerande drikkesong som avsluttar plata. Ein stad mellom kraftballade og ein halvtempo utblåsing. Med eit særs flott hammondorgel som både grunnstein og krydder (Jon Lord, eat your heart out. Lizzom.)
Så sånn er det. Blodsmak si trimming av lengda på plata har gjort den. Den læt faktisk så mykje betre i vinylversjonen. Og då snakkar eg på vegner av den tidelen av ein prosent av musikkkonsumentar som framleis svergar til vinyl. Vi er neiggu ikkje mange, men vi er få.
Finn bandet på Facebook, dei kan hjelpe deg med ei vinylutgåve av plata om du ønsker deg det.
NB! Blodsmak gjestar ei av festivalscenene våre i fylket denne sommaren, nemleg Målrock på Årdalstangen fredag 12. august.