Vil du oppleve Tupelo-vokalist James Cramer i kveld, må du hive deg rundt

FRÅ 2014: Tupelo spelte på Himmel & Hav i 2014. James Cramer i front.

FRÅ 2014: Tupelo spelte på Himmel & Hav i 2014. James Cramer i front.

Laurdag klokka halv åtte skal James Cramer fylle lokalet til Vesle Kinn med irske tonar.

DEL

Tidlegare har fleire opplevd James Cramer bak mikrofonen på Haavebua eller i Vetvika  under Opplev Bremanger attende i 2015. Då saman med resten av det irske bandet Tupelo. I dag er det derimot ikkje eit fulltalig Tupelo som entrar scena, men vokalisten sjølv. Han er for tida attende i Florø hos Eirik Husabø på Verdens Beste Studio, der han speler inn plate. Då folket bak Vesle Kinn fekk nyss i det, greip dei sjansen og i kveld inviterer dei til konsert.

Ifølge Facebook-sida til Tupelo, er det mange som vil freiste seg ut i haustregnet i kveld. Klokka 12:01 melde bandet sjølv at konserten nesten var utselt.

At lokalet på Vesle Kinn er noko mindre enn det bandet Tupelo trekker på konsertar i utlandet gjer ingenting skal vi tru Cramer sine tidlegare utsegn til Firdaposten: «Vi lever for publikum. Vi speler når vi får ein sjanse. Det har med bakgrunnen vår å gjere. Vi har spelt oss opp frå ingenting. Vi kan ha 50.000 og 100.000 på store konsertscener, eller vi kan ha femti på ein båt. Vi speler berre hardare og betre».

Det lovar godt for dei som kjem seg innanfor dørene på Vesle Kinn laurdag kveld.

Artikkeltags