– Eit stort visuelt talent

Filmen er valgt ut som ein av 25 beste av 100 innsendte. Skjermdump frå musikkvideoen. Sjå den lengre nede i saka.

Filmen er valgt ut som ein av 25 beste av 100 innsendte. Skjermdump frå musikkvideoen. Sjå den lengre nede i saka.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Det heile starta som ein sketsj til humorprogrammet. No er musikkvideoen nominert saman med artistar som Karpe Diem og Gabrielle.

DEL

– Herman Flesvig og Jon Sindre Fjellvang fekk ideen ein kveld dei spilte Fifa. Radioen stod på og då den tiande afterski-songen blei spilt, og alle høyrdest heilt like ut, fant dei ut at dette kunne lagast humor av. Saman med produsent Henrik Møane laga dei songen og eg blei spurt om å regissere musikkvideo, fortel Daniel Fure Schwarz.

Sjå videoen lengre nede i saka.

Musikkvideoen, som eigentleg berre skulle vere eit bidrag til humorkanalen «Ledelsen», er no ein av 25 utplukka musikkvideoar til Kortfilmfestivalen i Grimstad i sommar. Blant dei andre nominerte er store namn som Karpe Diem, Briskeby, Gabrielle, Sivert Høyem og Susanne Sundfør.

– Det er sjølvsagt utruleg kult. Det er ein knallhard bransje å bli sett i, men eg var uterleg heldig og jobba med nokon av dei beste fotografane eg veit om, blant anna Maurits Solberg, som komme til å bli norges neste Tildum, seier den ydmjuke florøværingen.

Over 300.000 visningar

Musikkvideoen «Lex og Ludo – Promille i høyden» er ein parodi på afterski-bransjen, og videoen er sett over 300.000 gonger på Facebook.

– Sjølv om vi har lagt utruleg mykje tid på dette, er det framleis viktig for oss å få fram at dette er humor. Spesielt Herman og Jon Sindre hadde litt angst for at folk no skulle tru dei prøver å slå igjennom som «afterski-artistar», ler Fure Schwarz.

Videoen er filma over fire dagar på ei hytte på Tryvann, og er eit reint dugnadsprosjekt.

– Det var jo berre gøy. Sjølv om det kravde mykje planlegging, frå dreiebok, utstyr, kostyme, statistar og fotografar, var jo vi eigentleg berre ein vennegjeng på hyttetur. Det var først når vi starta å rigge det heile opp at vi skjønte kor kult dette faktisk kunne bli.

Saka held fram under videoen.

Får enormt med skryt

Einar Aarvig, pressesjef for Kortfilmfestivalen er ikkje i tvil om kvifor Fure Schwarz er nominert.

– Daniel har laga ein stilrein, sjølvsikker og smart video med høgt teknisk nivå. Vakre bilde og lekre kamerakøyringar kjem ikkje i vegen for humoren dei byggar under den. Daniel Schwarz er eit stort visuelt talent det skal bli interessant å følge framover, seier han.

Daniel Fure Schwarz, her som statist i eigen film. Musikkvideoen er nominert til årets kortfilmfestival 2016.

Daniel Fure Schwarz, her som statist i eigen film. Musikkvideoen er nominert til årets kortfilmfestival 2016. Foto:

Artikkeltags