Motvind VEST blei formelt stifta laurdag 28. januar 2023. Det blir det største regionlaget i Motvind, og har sett saman eit styre av tre styremedlemmer og to varamedlem som er henta frå Kvinnherad i sør, via Bergen og til Høyanger i nord.

Det går fram av ei pressemelding organisasjonen har sende ut, her skriv dei mellom anna følgande:

«Regionlaget vil bidra til å styrke samhaldet på tvers av kommunegrenser. Vi vil mobilisere folk i Vestland mot industriell vindkraftutbygging i verdifulle naturområde. Informasjonsverksemd og utstrekt kontakt med medlemmer, lokale grupper mot vindkraft og andre organisasjonar blir viktig. Vi skal vere aktive og synlege gjennom arrangement, aksjonar og møter»

Motvind Vest har 3.600 medlemmer, og tek sikte på å bli ein viktig høyringspart og samfunnsaktør i vindkraftsaker.

Styreleiar i regionlaget er Anita Haukås Oppedal. Ho har med seg nestleiar Kjetil Magnussen og Hildegunn Norevik Løland i styret. Bjørn Samland og Vidar Svendsen er varamedlemmer.