Det du får om du smeltar ein miljøvennleg elbil og Batmobilen til ei og same pakke er den råaste elbilen i verda. Det går ikkje an å beskrive Tesla sin splitter nye utgåve av Tesla Roadster på ein annan måte.
Sjå stor bildeserie til høgre for artikkelen.
For under panseret bur 288 spinnville hestar; 288 hestar som skyt bilen framover frå null til hundre kilometer i timen på så lite som 3,9 sekund, medan både du og motoren hyler. Skilnaden er at du hyler som ei lita jente, medan motoren hyler som Batmobilen. Om Batman hadde vore ekte, hadde han valt ein Tesla Roadster. Garantert.
50 øre for full tank
Prislapp for denne elektrifiserte køyregleda? 800.000 kroner og oppover. Men så sparer du også forsikringsavgifter på elbil, årsavgifta for elbil ganske mykje billegare, du parkerer gratis, i tillegg er bompengar og ferjekryssingar gratis. I alt sparer du vel 50.000 kroner året i statlege avgifter. Men best av alt? Full tank kostar berre 50 øre.
– Det er mykje bil for pengane du får med ein Tesla Roadster. Den kostar rett nok litt i innkjøp, men det får eg att i ekstatisk køyreglede, krone for krone. Den er så morosam at eg føretrekkjer å køyre omvegar, i staden for direkte. Dette er bilen for framtida.
Det seier den stolte eigar av ein to månader gammal roadster, Kim Næss frå Florø. Kim bur for tida i Oslo der han jobbar i IT-selskapet Oracle, og er heime på Florø på ferie. I bakgrunnen står bilen på tomgang, utan å lage ein einaste lyd. Ein skulle tru bilen ikkje var i gang.
Verdsrekord-kapasitet
– Teslaen har alle fordelane med ein elektrisk bil; den er rimeleg i drift, og den er miljøvennleg. Samstundes har den alle fordelane som ein bensindriven sportsbil, seier Næss.
Og batterikapasiteten skal i alle fall ikkje vere noko problem. Om ein ikkje skal veldig langt, rett nok – som frå Florø til Oslo. Batterikapasiteten er på 392 kilometer. Turen mellom Oslo og Florø er hakket lenger.
Men då kan det vere tryggjande at Tesla Roadster har verdsrekorden i distanse for elbilar, med 501 kilometer på ein tank.