Berre 4 av 10 skifter dekk sjølv

EIT SKIFTE: Det er stadig fleire som ikkje skifter dekka på bilen sin sjølv.

EIT SKIFTE: Det er stadig fleire som ikkje skifter dekka på bilen sin sjølv. Foto:

Av

Det er stadig flere som skifter og oppbevarer dekka sine på dekkhotell.

DEL

Det er mange som skifter til vinterdekk i desse dagar, og ei undersøking utført av InFact på vegner av Dekkmann viser at berre 41,2 prosent av dei spurde skifter dekka sine sjølv.

Av de som ikkje skifter dekk sjølv svarte 16,2 prosent at partnaren gjør det, 6,7 prosent svarte andre, mens 34,1 prosent gav opp verkstad eller dekkhotell. 1 prosent visste ikkje, og 0,8 prosent svarte at de ikkje hadde skifta dekk siste år.

Blant kvinner var det berre 12,1 prosent som svarte at de hadde skiftet dekk sjølv det siste året. 34,9 prosent av kvinnene svarte at partnar hadde byttet dekk, mens 40 prosent hadde brukt verkstad eller dekkhotell.

I aldersgruppa over 65 år svarte 46,5 prosent av de hadde skiftet dekk på verkstad eller dekkhotell, mens 25,2 prosent skiftet dekka sine sjølv.

– Vi ser at stadig fleire nyttar seg av profesjonelle verkstader og dekkhotell. Då vi gjennomførte ein liknande undersøking for fem år sida, svarte 25 prosent at de fekk profesjonelle til å gjere dekkskiftet for seg, og no er vi på nesten 35 prosent. Det seier produktsjef i Dekkmann, Torleiv Dalen Haukenes.

PS! 1.000 personar frå begge kjønn, alle aldersgrupper og hele landet blei intervjuet i undersøkinga. Forutsetningen var at de eigar egen bil. (ANB)

Artikkeltags