STOLT BILMANN: Gustav Johan Nydal, KrF er den einaste bilinteresserte ordførarkandidaten til valet i Kinn kommune. Her står han stolt ved sidan av sin første bil 17. mai i 1979. Ein Citroën 2CV 1973 modell som han kjøpte for studielånet sitt. Foto privat:

Seier bilen du køyrer noko om kven du er?

ORDFØRARKANDIDATANE: Det er under ein månad til valget, så det var på tide å komme litt nærare innpå toppkandidatane våre i Kinn kommune. Kva bil ein har, seier noko om kven du er, så vi spurde kandidatane kva hjul dei brukar. Det vart alt anna enn kjedeleg.
Publisert

Vi spurde dei ti toppkandidatane der fordommane våre både vart stadfesta og gjort til skamme: Dette fann vi ut:

Det er berre er ein kanditat som er bilinteressert. Kvinnene bruker dei små grå for å komme seg framover. Pensjonisten køyrer Mercedes medan ordføraren køyrer hageavfall. Det er nemleg den raudaste som køyrer ordførarbil. Ein av kandidatane fylde bensin på dieselbilen sin og stod bom fast no på måndag. Ein annan prøvde å fylle diesel på bensinbilen, men fekk det ikkje til. Ein valde eit rullande reklameskilt som sin førstebil og meiner at jo større person ein er, jo mindre bil har ein. Så har vi dei vi var trygge på: Miljøkandidaten køyrer elbil og den konservative politimannen har ikkje skifta bilmerke på 15 år og sette tryggleiken i førarsetet.  Så har vi ein som har tatt på seg rolla med å rydde opp i bilparken og gler seg til oktober då bilen skal vrakast.

Velkommen til politisk "drive-by"

Ola Teigen Ap

- Håpet er at min neste blir ein hydrogenbil

ARBEIDARPARTIET: Floraordførar Ola Teigen køyrer ein Toyota Hiace Diesel 2006 modell, varebil.

ARBEIDARPARTIET: Floraordførar Ola Teigen køyrer ein Toyota Hiace Diesel 2006 modell, varebil.

– Eg køyrer Toyota Hiace 2006 modell diesel.

– Det er vel ikkje ein typisk ordførarbil?

– Nei det er det jo ikkje, det er derimot ein typisk handverkarbil. Den startar akkurat når den skal, og har fungert ypparleg. Det er arbeidsbilen min ifrå den tida då eg jobba som handverkar. Det er ein super bil som passar alle formål. No har eg roser og valkamputstyr i den, den passar også godt når eg skal køyre hageavfall på SAR. Den er ikkje den beste på langkøyring, men den funkar heilt greitt. Eg får litt kjeft av kollegaene mine som sit på då den ikkje er av dei reinaste, men då svarer eg at det trass alt er ein arbeidsbil. Det er ingen som har sagt nei til å sitte på så langt, så det må jo vere eit godt teikn. Til dagleg prøver eg å sykle og skal eg lenger prøver eg å nytte offentleg transport. Håpet mitt er at den nye bilen min blir ein hydrogenbil.

– Hydrogenbil!?

– Ja, Flora kommune satsar tungt med hydrogen bruk til på sjøen. INC satsar på hydrogen og det hadde jo vore veldig kjekt at eg kunne velje meg ein hydrogenbil og fylle lokalt neste gong. Det er ganske mange bilmerke som leverer hydrogenbilar no, og håpet er om vi ikkje så lenge har hydrogenproduksjon i Florø. Då ville ein hydrogenbil vore midt i blinken. Om ikkje så blir nok min neste bil ein elbil.

Morten Hagen, Høgre

- Eg har, kanskje ikkje overraskande, prioritert sikkerheit

HØGRE: Morten Hagen,  Volvo XC 90 Diesel 2010 modell, og Volvo V40 Diesel 2015 modell

HØGRE: Morten Hagen, Volvo XC 90 Diesel 2010 modell, og Volvo V40 Diesel 2015 modell

Høgre sin ordførarkandidat, og politimannen Morten Hagen vedgår han sette tryggleiken i høgsetet då han valde bil. Han køyrer ein Volvo XC 90 2010 modell dieselbil som familiebil, og nytar ein Volvo V40 2015 modell diesel til småkøyring.

– Både i jobben og som familiefar er tryggleiken det viktigaste, difor har det blitt Volvo på oss.

– Så du er ein Volvo-mann?

– Eg vil ikkje seie at eg er låst til Volvo, men det har vore Volvo eg har hatt dei siste 15 åra, seier han.

Plass har her vore viktig for Hagen, og den store familiebilen har hatt tilstrekkeleg med plass. Men no ventar han til at det er store nok miljøvennlege bilar på marknaden.

– Den neste bilen min kjem nok til å bli ein elektrisk bil. Eg har venta på at bilane som finnast i dette segmentet har god nok plass og tilstrekkeleg rekkevidd. Og der er vi snart, seier han. Som politikar er han klar på at det er viktig å legge til rette for at det er nok ladepunkt slik at eigarar av elektriske bilar får tilgang til lading der dei er og når dei treng det.

– Er det for få ladepunkt, slik at det oppstår køar så vil det gjere til at folk vegrar seg til å kjøpe grønt når dei skal kjøpe ny bil. Det er noko eg som politikararvil jobbe for at ikkje skjer, seier han.

Jacob Nødseth, Venstre

- Dei lurte på om eg både kledde av meg bilen og dressjakka

VENSTRE: Jacob Nødseth køyrer ein Toyota Yaris Hybrid 2019 modell.

VENSTRE: Jacob Nødseth køyrer ein Toyota Yaris Hybrid 2019 modell.

Toyota Yaris Hybrid 2019 modell

– No i valkampen har vi i Venstre leasa bil. Men elles så er sykkelen mitt framkomstmiddel. Fordelen med å bu i Florø er at vi kan sykle. Eg tok lappen så seint i desember i fjor og tenkte eg skulle kjøpe meg bil då, men då eg har vore mykje i Bergen i samband med ei rettssak så ha det ikkje blitt noko av. No i valkampen køyrer eg rundt i ein leasa Toyota Yaris Hybrid 2019 modell som no ser ut som eit rullande reklameskilt.

– Kva bil er det du har vore på jakt etter?

– Eg seier ofte at jo større person jo mindre bil, så då er det jo greitt å køyre ein liten Yaris. Men bilane eg ser etter må nok vere tilpassa min storleik. Eg er 192 centimeter høg, så ein gong eg gjekk ut av bilen for å ete lunsj på Lille Marked i Florø spurde folk om eg kledde av meg både dressjakka og bilen.

– Er du interessert i bil?

– Eg var veldig bilinteressert då eg var 15–16 år, men det viktigaste for meg no er at bilen er miljøvennleg, sikker og praktisk. Om valet tilseier at eg skal vere ordførar i Kinn kommune og må reise mykje mellom Måløy og Florø så vil eg nok velje ein bil som er tilpassa det. Eg har køyrt Magnhildskaret i dårleg vêr på vinteren i ein liten bil, og det var ikkje noko særleg. Når det er sagt meiner det er viktig å legge til rette for at det skal vere enkelt å komme seg rundt i kommunen utan bil.

Sidsel Kongsvik, Senterpartiet

- Den er liten og påliteleg, og det er eg også

SENTERPARTIET: Sidsel Kongsvik,  Toyota Yaris 2012 modell bensin

SENTERPARTIET: Sidsel Kongsvik, Toyota Yaris 2012 modell bensin

Eg har ein liten 2012 modell mørk grå Toyota Yaris. I høve til kven eg er materielt sett og kor påliteleg den er, så vil eg kunne seie at bilen min representerer kven eg er. Eg trenger ein liten og billeg bil då eg er åleineforsørgar, og det er viktig for meg at den er driftssikker. Er du på regelmessig service så går denne bilen som ei klokke. No vil nok gjerne tenåringsgutane mine har ein litt tøffare bil, men der må eg nok skuffe dei.

– Er den stor nok til ditt bruk? 

– Den er stor nok til vårt behov i det daglege. Vi dreg på ferie ein gong i året så då handlar det om å pakke lurt og smått, då går det greitt, seier ho.

At det er ein bil som går på bensin meiner ho er ei ulempe, men det er også eit økonomisk spørsmål å skifte bil, meiner ho. 

– Ønsket mitt er at eg kunne kjøpt meg elbil, men det er eit økonomisk spørsmål. Bil er dyrt, det er noko du ikkje kjem utanom. Men neste gong eg kjøper bil blir det garantert ein elbil. Eg kjem til å køyre denne bilen dei den ikkje går lenger, og då trur eg at det ikkje er så mange alternativ. Helst skulle vi jo ha sykla, men slik vi bur så må vi ha bil då det ikkje eit alternativ med kollektivtrafikk her ute i distriktet. Då er håpet at folk vel den bilen som er mest miljøvennleg. Og eg meiner elbilar er det mest miljøvennlege alternativet per no.

Odd Bovim, Miljøpartiet dei Grøne

- Du skal ikkje ha dårleg samvit om du køyrer fossilt

MDG: Odd Bovim, Renault Zoe, 2018 modell

MDG: Odd Bovim, Renault Zoe, 2018 modell

Miljøpolitikaren Odd Bovim køyrer ein elektrisk Renault Zoe, 2018 modell.

– Er du opptatt av bil?

– Eg kan ikkje seie at eg er opptatt av bil, men på jobben min i Sogn og Fjordane så må eg køyre mykje. Då er det viktig å ha ein bil som både er billig i drift og som ikkje forrurenar.

– Som ordførarkandidat i MDG så kunne du vel ikkje køyrt diesel eller bensinbil?

– Jo eg kunne jo det, men MDG meiner at vi skal legge opp til at elbil skal vere det beste alternativet også i Sogn og Fjordane. Det klarer vi ved å halde oppe elbil-fordelane og å bygge ut fleire ladestasjonar.

– Er elbil eit betre alternativ i Sogn og Fjordane i dag?

– Ja det er det faktisk. No har eg ein elbil med så god rekkevidde at eg kan køyre til Bergen utan å lade. For andre vil rekkevidda vere ei utfordring. Heldigvis går den teknologiske utviklinga i riktig retning og då er det viktig at fordelane med elbilar ikkje blir kutta. Det er dessverre for få elbilar i Sogn og Fjordane per i dag, og det er viktig å legge til rette for fleire.

– Synest du dei som køyrer fossilt bør ha dårleg samvit?

– Nei, men eg synest dei må få fleire økonomiske incentiver for å ville gå over til elektrisk.

Gustav Johan Nydal, KrF

- Eg er nok over gjennomsnittet oppteken av bil

KRF: Gustav Johan Nydal, Volvo XC 60 Diesel 2014 modell. Køyrer også eletrisk Peugot Partner Electric 2018 modell.

KRF: Gustav Johan Nydal, Volvo XC 60 Diesel 2014 modell. Køyrer også eletrisk Peugot Partner Electric 2018 modell.

– Eg køyrer ein Volvo XC 60 diesel 2014 modell, den brukar eg til lengre køyreturar. Så køyrer eg elbil lokalt. Eg har ein Peugeot Partner Electric 2018 modell, seier Gustav Johan Nydal.

Han har ei eiga albumside på Facebook-profilen sin der han har bilde av bilane han har eigd opp gjennom åra.   

– Eg var meir oppteken av bil før, men må nok seie at eg nok framleis over gjennomsnittet oppteken av bil. Eg har hatt alt ifrå Citroën 2CV, som var den første bilen eg eigde. I den andre sidan av skalaen hadde eg ein Caddilac Sedan de Ville Fleetwood Brougham 1975 modell med V8 maskin.

– Det er litt spennvidd mellom desse bilane er det ikkje?

Jo det kan du trygt seie. Det er både det å køyre bil og det å eige dei som har fatta mi interesse. Det er mange bilar ein kanskje har lyst på om ein er bilinteressert, men så har dei gjerne eit prisnivå som igjen er heilt uinteressant. Opp gjennom åra har eg kjøpt mykje brukte bilar som eg har skrudd på. I det siste har det blitt lite mekking.

– Når du er så oppteken av bil, er det ikkje litt nedtur å køyre elbil?

– Nei det vil eg ikkje seie, det var eit innfall då eg skaffa meg den, og det viste seg å vere lurt. Ulempa er at den egner seg berre til småkøyring då den har rekkevidd på berre 120 kilometer. For det første så er det miljøaspektet ved å køyre elbil som trekk opp, men så er det også veldig rimeleg form for transport så lenge ein lader heime. Eg bruker den i jobbsamanheng og på jobboppdrag i området.

Frank Willy Djuvik, Frp

Fylde bensin på dieselbilen sin

FRP: Frank Willy Djuvik, Audi A4 Turbodiesel 2007 modell

FRP: Frank Willy Djuvik, Audi A4 Turbodiesel 2007 modell

– Eg køyrer Audi A4 stasjonsvogn 2007 modell turbodiesel

– Er du opptatt av bil?

– Nei, eg er opptatt av bil i den grad at eg trenger eit framkomstmiddel for å komme meg frå A til B. Det betyr ingenting kva bil eg har eigentleg. Eg har hatt Ford og Renault før. Eg likar Ford, så det har kanskje vore ein favoritt.

– Du er toppkandidaten i bilpartiet, og du interesser deg ikkje for bil?

– Jo, eg interesserer meg for bil i den forstand at eg er oppteken av vilkåra til alle oss som eig og køyrer bil. Eg meiner det skal vere billeg og lett å skaffe seg bil. Som samferdslepolitikarpolitikar i fylkestinget heilt tilbake til 2005 så er eg oppteken av vegbygging og samferdsle for oss som bur ute i distriktet. Utover det har eg ikkje så mykje å bidra med når det gjeld bil. Eg veit korleis eg peilar oljen, for det har eg fått beskjed om at skal gjerast med jamne mellomrom, seier Djuvik og ler.

Han har også ei litt pinleg episode å dele med oss ifrå no måndag 12. august.

– Eg henta bilen på verkstaden og var på handsfree med partikollegaen min Bjarne Holme, som av alle ting er bilmekanikar. Eg svinga inn på UNO X stasjonen og fylde bensin og køyrde vidare. I rundkøyringa på Krokane stod eg bom fast. Det var då eg kom på at eg hadde fylt bensin på dieselbilen min. Det likte ikkje bilen.

– Kva var reaksjonen frå Bjarne Holme på dette?

– Jo, han var godt oppgitt, og svara «huffa meg» då eg fortalde kva eg hadde gjort. Heldigvis kom ein kamerat og slepte meg tilbake til verkstaden igjen, men min mangel på merksemd kosta meg 5000 kroner. Men no har eg lært.

Marie Øverås Jensen, SV

- Eg er ein av dei som ryddar bilparken

SV: Marie Øverås Jensen, Hyundai Getz 2003 modell bensin.

SV: Marie Øverås Jensen, Hyundai Getz 2003 modell bensin. Foto:

– Eg har ein Hyundai Getz 2003 (trur eg), det er ein bensinbil. No skal det seiast at eg faktisk har prøvd å fylle diesel, men fylle-pistolen gjekk ikkje inn. Heldigvis. Eg kan ikkje seie at eg er spesielt oppteken av bil. Det er ein nødvendig sak for meg. Eit framkomstmiddel og den skal vrakast i oktober.

– Du skal vrake den?

- Ja det er ein greie eg har drive med. Eg skaffar meg ein bil som er EU-godkjent, men som sannsynlegvis ikkje går gjennom den neste kontrollen, så slik sett kan du seie at eg er ein av dei som ryddar bilparken. Eg køyrer på jobb, og handlar på veg heim igjen. Når eg vraker denne i oktober så veit eg ikkje om eg kjem til å kjøpe meg bil igjen. Akkurat no så har eg mest lyst på elsykkel, seier ho. 

Til hausten bilir Jensen sambuar og då meiner ho det er nok med ein bil i hushaldningen.

- Då har eg ein bil tilgjengeleg, det er ikkje slik at eg skal sykle innover fjordane når eg skal på turnering med ungane, forsikrar ho oss om.  

– Er miljøaspektet med bil viktig?

– Ja, etter at eg kom heim ifrå Frankrike i sommar der eg stod i milelange bilkøar, fekk eg eit anna syn på privatbilbruken. Det var berre ein buss i dei lange køane. Då vart eg rimeleg sikker på at dei heftige motorvegane ikkje må få øydelegge norsk natur, og i køen tenkte eg med meg sjølv at eg skal bli flinkare å bruke kollektivtrafikk.

– Men om du bur ute i distriktet?

– Det er klart vi som bur i distriktet har større behov for bil enn dei har i byane, men det går an å planlegge ut ifrå dei kollektive tilbodet vi eingong har. Bur du i Standalen og jobbar i Florø er det ein ting, men både ut ifrå miljø og folkehelse burde vi tenke litt meir berekraft når det gjeld bilbruken vår.

Mindor Tonheim, Partiet De Kristne

- Eg har ikkje dårleg samvit for at eg køyrer diesel. Klima overlét eg i vår Herres hand

DE KRISTNE: Mindor Tonheim, Mercedes 180 Diesel 2009 modell

DE KRISTNE: Mindor Tonheim, Mercedes 180 Diesel 2009 modell

– Eg køyrer ein liten Mercedes 180 D det er ein 2009 modell diesel. Eg er eigentleg ikkje så veldig oppteken av bil. Det er eit framkomstmiddel, slik eg ser det, og det er det eg også nyttar bilen til. Eg har hatt ulike merker, det var heilt tilfeldig at eg kom over denne bilen, den passar til mitt bruk.

– Når er det du bruker bilen din?

– No er eg pensjonist så eg har ikkje nokre klare grenser mellom jobb og fritid, men eg bruker bilen til og frå ulike oppdrag. Så brukar eg bilen når eg handlar. Eg er såpass langt unna butikk då eg bur i Barlindbotn og då er Eikefjord næraste butikk til å kunne handle daglegvarer. Då må eg ha bil.

– Tenker du på miljøet i samband med bilbruken din?

– Ja det gjer eg. Desse dieselbilane køyrer såpass reint no at eg har ikkje noko dårleg samvit for at eg køyrer dieselbil. Eg er opptatt av miljøet i det store og heile. Eg har vore nokre turar rundt om på eigedommen min og plukka søppel som andre har kasta frå seg, så det er jo ein type miljøengasjement. Når det gjeld klima så legg eg det i vår herres hand, der blir vi menneske litt for små.

Geir Oldeide, Raudt

- Når denne tek kvelden så blir det hybrid eller elektrisk

RAUDT: Geir Oldeide, Raudt, Suzuki Grand Vitara 2005 modell Diesel

RAUDT: Geir Oldeide, Raudt, Suzuki Grand Vitara 2005 modell Diesel

Suzuki Grand Vitara, Diesel

– Eg køyrer ein Diesel Suzuki Grand Vitara 2005 modell. Den tilhøyrde den tidlegare ordføraren i Bremanger fekk eg fortalt. Det var noko dei sa på Barmen og Lund her i Måløy. Då den gamle bilen min havarerte, og dei hadde denne inne, så då slo eg til. Eg meiner det var Kåre Jarle Langeland som eigde denne før, men det skal eg ikkje seie heilt sikkert.

– Er du oppteken av bil?

- Nei eg vil ikkje seie det. Eg tenker på bilen meir som eit framkomstmiddel, men politisk sett er eg oppteken av å avgrense bilbruken. Ute på landsbygda har kollektivtrafikken gått i nedadgåande spiral i mange år. Eg har hatt ei mil til og frå jobben min, og i mange år tok eg buss til og frå jobb. Men dette skulle bli eit problem i sommarmånadene, og då vart jobbreisa litt for vanskeleg. Det er litt synd, men då måtte eg bruke bil. Eg kunne rett nok ha sykla, men uansett er vi avhengig av bil her ute i distriktet, det er noko du ikkje kjem utanom.

Tenker du på miljøaspektet ved å køyre bil?

– Ja absolutt, og vi treng å avgrense bilbruken i dei store byane der vi verkeleg kan få gjort noko med miljøet. Det er vanskelegare for oss som bur ute i distriktet då kollektivtilbodet er for dårleg. Eg trur vi likevel har gjort for lite for å prøve å gjere noko med kollektivtilbodet, det gjeld bådevi i Raudt og dei andre partia. Når bilen min tek kvelden, så tenker eg meg at det må vere hybrid eller elbil eg skal satse på.

Artikkeltags