– Eg veit korleis det er å leve i eit land utan statsbudsjett, så eg betalar min skatt med glede

Lærar Mariam Fahad

Lærar Mariam Fahad

Av

FLORØ: Mariam Fahad kjem frå Sierra Leone, der berre offentleg tilsette betalar skatt.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

møtes på midtenMange elevar på Innvandrarsenteret i Florø kjem frå land der det ikkje er velferdsordningar. Der ein ikkje kjenner til kva skatt betyr, og der mange jobbar svart. Mange betaler ikkje skatt i heimlandet sitt, fordi dei ikkje stolar på skattesystemet.Dei kjem frå land med mykje korrupsjon, og dei får lite tilbake av offentlege velferdsordningar.

Trivst og jobbar hardt

Torsdag blir Norges statsbudsjett for 2018 lagt frem. Inntekter frå skatt og andre avgifter skal fordelast. Pengar som du og eg har vore med og skaffa. Kva får vi att for desse pengane? Norge har eit velferdssystem som nordmenn tek som ein sjølvfølgje, men som ikkje er like sjølvsagt i mange av dei landa vi kjem frå. Vi ønskjer å finne ut meir om korleis innvandrarar ser på dette med skatt og det norske skattesystemet.

Det er ein tysdagsmorgon og skulen på Innvandrarsenter begynner å fylle seg med elevar. Dei snakkar norsk og forskjellige morsmålspråk. Fleire innvandrarar jobbar som lærarar på skulen og vi spør ein av dei om ho har litt tid til oss. Ho seier ja og smilar imøtekommande. Mariam Fahad kjem frå Sierra Leone og Libanon. Ho har budd her i fem år, er gift og har to barn.

Mariam er tospråkleg lærar i norsk og samfunnsfag i arabisk. Ho snakkar engelsk, arabisk, gresk, norsk og kreolsk flytande.

– Eg trivst godt i jobben og jobbar hardt. Eg liker også å tene godt med pengar og betaler med glede skatt, eg synes det er viktig.

– Kvifor er det viktig å betale skatt? lurar vi på.

– Fordi vi får mykje igjen for det i form av offentlege godar. Skatt gir oss gratis skule og helsetenester, den gir oss sosial beskyttelse, økonomisk støtte til arbeidsledige og tryggjer framtida og alderdommen vår, fortel Mariam oss.

«Heimlandet mitt er rikt på diamantar og gull, men regjeringa er ikkje ærleg.»

Ho er difor heilt ueinig i skattekutt. Viss skatten blir redusert, trur ho at det vil bli vanskelegare for oss. For eksempel vil det kanskje bli dyrare å gå til lege eller vi vil betale meir moms når vi handlar varer, seier ho med blide auge.

– Betaler folk skatt i heimlandet ditt?

– Ja, men berre dei som arbeidar i det offentlege.

– Korleis løyser landet så sine oppgåver med å bygge vegar, tilby offentleg kommunikasjon og offentlege tenester innan helse, omsorg og utdanning?

– Det blir aldri løyst. Heimlandet mitt er rikt på diamantar og gull, men regjeringa er ikkje ærleg og brukar ikkje pengane på rett plass. Derfor har vi dårleg helsesystem i Sierra Leone, seier Mariam, og fortel at det er for dyrt for dei fattige.

– Mange har ikkje råd til medisinar og livsviktig behandling og lir eller døyr av sjukdommar som dei elles kunne ha fått hjelp til. Kvar dag døyr barn i Sierra Leone fordi dei ikkje får den behandlinga dei skal ha, seier Mariam.

Store skilnader på folk

Heller ikkje skulesystemet er det beste. Skulen er ikkje obligatorisk, dei offentlege skulane har overfylte klassar og private skular er for dei rike. Mange barn går derfor ikkje på skule.

Både Norge og Sierra Leone har mange ressursar, men skilnaden på desse landa er likevel stor. Mens Norge har utvikla velferdsstaten sidan slutten av 50-tallet, har Sierra Leone vore prega av krig og korrupsjon i lang tid, og dette har framleis stor påverknad på landet. Heimlandet til Mariam er så fattig på grunn av eit korrupt styre og dårleg fordeling av godene.

– Pengar dei har fått i støtte frå andre land har blitt «etne opp» utan kontroll på kva dei går til. Der finst ikkje velferdsordningar og der er store skilnader mellom fattige og rike, sler ho fast.

Artikkeltags