Mot normal drift for bussane frå neste måndag av

SAMFERDSLE: Det har vore redusert rutetilbod i Vestland fylke den siste månaden i samband med koronapandemien - no blir det endringar.

DEL

Når skolar og studiestader vert delvis opna, går Kringom tilbake til vanleg rutetilbod for buss, med tilpassingar av skuleskyss for 1.-4. trinn og elevar i vidaregåande. Det vil framleis vere innstillingar på enkelte busslinjer, i tillegg til at nattavgangar på bybuss i Førde og Florø, pluss Trygt Heim-rutene framleis er innstilte.

– Med den gradvise opninga av samfunnet gjer fylkeskommunen alt vi kan for å tilby kollektivtransport til dei som treng det, samstundes som vi rettar oss etter pålegga om smittevern. Pålegget om å halde god avstand til kvarandre gjeld framleis, og sjølv om vi frå måndag set inn igjen alle bussar i trafikk, kan det på grunn av smittevernreglane vere at vi ikkje har plass til alle reisande på bussen. Alle foreldre og føresette må følge med på dette, slik at ikkje elevar blir ståande igjen utan nokon til å skysse seg til og frå skulen, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Det vil seie at nokon må kanskje køyre eller følge barna sine til skulen i starten, men det vil bli sett inn ekstrabussar så langt det let seg gjere for at ein skal kunne halde god avstand.

Men fylkesordføraren ber skuleelevar reise på annan måte der det er mogleg. Når alle bussar er i trafikk morgon og ettermiddag, har ein ikkje meir materiell å sette inn.

Alle avgangar blir å finne i reiseplanleggaren på kringom.no, og i Entur-appen frå fredag 24. april.

Det blir ingen endringar for båt og ferje no.

Artikkeltags