Morten frå Florø er ein av 48 som får ta trenarutdanning

SPELARUTVIKLAR: Morten Olsen er spelarutviklar i Florø Fotball og trenaren til Florø 2. Foto: Dag Nesbø Frøyen (arkiv)

SPELARUTVIKLAR: Morten Olsen er spelarutviklar i Florø Fotball og trenaren til Florø 2. Foto: Dag Nesbø Frøyen (arkiv)

FOTBALL: Azar Karadas frå Nordfjordeid, Morten Olsen frå Florø og Sondre Skrede frå Sogndal er tatt ut.

DEL

(Firda): – Det har vore stor søkarmasse til A-lisenskurset vårt. Difor har vi valt ut 48 trenarar, som er ei auke frå 16 frå tidlegare år. Likevel er det fleire godt kvalifiserte trenarar som dessverre ikkje kom inn på årets opptak, skriv NFF i ei pressemelding.

Tysdag vart deltakarane til neste UEFA A-lisens presentert. Kurset er trinn tre av fire i Norges Fotballforbund sin trenarutdanningsstige, der UEFA Pro-lisens er det høgaste nivået. UEFA A-lisenskurset gir kompetanse til å trene lag på toppfotballnivå og enkeltspelarar på høgt spelarutviklingsnivå.

Tre frå Sogn og Fjordane er på lista: Spelarutviklar i Florø Fotball, Morten Olsen, tidlegare Sogndal- og Brann-spelar, Azar Karadas, og Sondre Skrede, som driv med fotballanalyse i Sogndal Fotball.

PÅ JOBB: Sondre Skrede (framme) vart tilsett med Knut Øystein Ripe (t.v.) for å styrke analysearbeidet til Sogndal Fotball.

PÅ JOBB: Sondre Skrede (framme) vart tilsett med Knut Øystein Ripe (t.v.) for å styrke analysearbeidet til Sogndal Fotball. Foto:

SPELARUTVIKLAR: Morten Olsen er spelarutviklar i Florø Fotball og trenaren til Florø 2. Foto: Dag Nesbø Frøyen (arkiv)

SPELARUTVIKLAR: Morten Olsen er spelarutviklar i Florø Fotball og trenaren til Florø 2. Foto: Dag Nesbø Frøyen (arkiv)

Per-Mathias Høgmo er seksjonsleiar for topptrenarutdanninga, medan Mathias Haugaasen er ansvarleg for A-lisens. Dei har tatt ut følgande 48 deltakar:

  • Nick Loftus, Klepp
  • Ojan Bijan, Egersund
  • Arturo Cleveland, Sandnes Ulf
  • Owe Salvesen, Sandnes Ulf
  • Fredrik Bekkelund, Stabæk
  • Treskor Egholm, Wang Oslo/Kolbotn
  • Jan Derek Sørensen, Bærum
  • Torgeir Helgen, Grorud
  • Kjølv Eidhammer, Øvrevoll Hosle
  • Christian Qvist Jacobsen, Follo
  • Øyvind Helle Meling, Stabæk
  • Martin Lindmark, Stabæk
  • Vebjørn Urdal, Lyn
  • Bjørn Helge Riise, Stabæk
  • Robert Hundstad, KIL/Hemne
  • Christian Thorbjørnsen, Rosenborg
  • Paul Helge Sagøy, Rosenborg Kvinner
  • Are Tronseth, Ranheim
  • Frode Telseth, Snøgg
  • Magnus Erga, Notodden
  • Per Gunnar Laudal, Mandalskameratene
  • Håvard Thunes Lilletvedt, Start
  • Andreas Hagen, Jerv
  • Magnus Ellevold Strand, Molde
  • Tarald Laugsand, Bodø/Glimt
  • Thiago Martins, Bodø/Glimt
  • Stine Andreassen, Sandviken
  • Azar Karadas, Brann
  • Stig Storebø, Austevoll
  • Torbjørn Birkelund, Bjarg
  • Renate Blindheim, Åsane
  • Frode Kippe, Lillestrøm
  • Tommy Olsen, NFF Akershus / Ull/Kisa
  • Kenneth Wold, Sørumsand
  • Sondre Skrede, Sogndal
  • Morten Olsen, Florø
  • Lars Granaas Stoppen, Mjøndalen
  • Anton Severin Kvilaas, Mjøndalen
  • Pål Kjetil Walle, NFF Troms
  • Mikael Johnsen, Fløya
  • Kristoffer Kolsrud, Moss
  • Øyvind Høgmo, Fredrikstad
  • Rune Kjelvik, Sarpsborg 08
  • Peter Kovacs, Sandefjord
  • John Arne Riise, Flint
  • Eirik Vespestad Mæland, Kongsvinger
  • Tor Anders Hustad, Skånland OIF
  • Robin Bergfald, Mjølner

Artikkeltags