Grunna lynnedslag og fiberbrot på ei linje i Flora, er store delar av Bremanger kommune utan moglegheiter til å kommunisere effektivt med omverda.

- 5 av 13 basestasjonar for mobiltelefoni er ute av drift, medan fasttelefonane skal virke. 118 kundar er utan breiband per no tysdag føremiddag, opplyser dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor.

Mellom anna er dei tilsette på rådhuset i Svelgen "ute av drift" ved at dei ikkje kan bruke tenester som går via datalinjer.

Hatleset-nipa i Flora er slått ut av lynnedslag igjen, noko som betyr at mange i indre delar av Flora er utan mobiltelefoni og breiband.

Amundsen fortel at det var vanskeleg å få gjort reparasjonar natt til tysdag grunna sterk vind, men at folk er sett på sakene med å reparere. Han kan enno ikkje gje noko konkrete svar på kor tid sambandet er oppe igjen.