I ein undersøking blant 1.000 norske rektorar som NRK har gjennomført, er det avdekka at 80 prosent av skulane har heilt eller delvis innført forbod mot mobiltelefonar i skuletida. Mange meiner det blir mindre mobbing og positiv effekt på læringa ved å ha et slikt forbod.

Mange skular opererer med såkalla mobilhotell der telefonen låsast inn ved skulestart og ut igjen ved skuleslutt. Andre krev at telefonen ligg i skulesekken.

– Kan tilby mobilhotell

Førsteamanuensis Marius Storvik ved juridisk fakultet på Universitetet i Tromsø reagerer på forboda.

– Skulane kan tilby mobilhotell for oppbevaring av telefonar, men ikkje krevje at elevane skal gi frå seg telefonen, seier Storvik, som meiner et slikt krav er eit inngrep i privatlivet, som både vernast av Grunnlova og menneskerettane.

Han seier skulane kan forby bruk av mobil i timane og kanskje i friminuttane, men at det ikkje finst lovheimel som gjer at skulen kan krevje at telefonane utleverast og leggjast i mobilhotell utan samtykke frå elevane.

– Trur de står helt fritt

Professor i privatrett Hans Fredrik Marthinussen ved Universitetet i Bergen støtter Storviks utsegn.

– Vi har ein god del eksempel på at skulane trur dei står heilt fritt til å sette akkurat dei reglane som dei syns passar. Det kan skulane ikkje, seier han.

Utdanningsdirektoratet svarer at skuleeigar kan forby bruk av mobiltelefon i skuletida dersom det er fastsett i skulens ordensreglement.

Det leggjast vekt på at det kan gjerast av pedagogiske årsaker eller for å skåne skulemiljøet.

Les også

– Sjølv elevar som var skeptiske til mobilforbod i skulen, opplever no ein betre skulekvardag.