Det er ein stor reduksjon frå fjorårets 948 i same periode.
Gledeleg reduksjon, men...
- Det er gledeleg å sjå ein reduksjon, men vi frykter store mørketall, seier Liv Marie Bendheim fra Ung i trafikken.
Ferske tall fra Utrykningspolitiet viser at mange fortsatt bruker mobilen bak rattet. Trass i nedgang i store deler av landet, jublar ikkje Ung i trafikken. Dei peikar på at det fortsatt er urovekkende mange som brukar mobilen i bilen:
– Det er gledeleg at vi ser ein reduksjon fleire stader, men her fryktar vi dessverre store mørketal. Mange har fortsatt vanskeleg for å la mobilen ligge.
Kvar tredje ulykke
Manglande merksemd kan fort få fatale konsekvensar.
– Vi veit at nesten kvar tredje ulykke skuldast manglande merksemd, og då er dessverre ofte skjermane involverte. Mange av desse ulykkene kunne potensielt vore unngått om ein la vekk mobilen.
Ho opplyser at ein bil i 80 km/t beveger seg tilsvarande lengda av ei fotballbane, 90 meter, ved fire sekundars manglande merksemd. Mykje kan skje i løpet av 90 meter.
– Er ein oppmerksam og på vakt, er sannsynet for ei alvorleg ulykke vesentleg mindre. Vår oppmoding er difor enkel: Legg vekk mobilen i bilen.
Trist sommar for trafikktryggleiken
I år har vi allereie passert fjoråret i talet på drepne i trafikken. Ved utgangen av september var 97 personar omkomne, mot 80 i heile fjor.
– Med den ulykkessituasjonen vi har sett det siste året, er det i alle si interesse at mobilen blir prioritert vekk. Å la mobilen ligge i lomma eller å bruke ein fastmontert haldar, er veldig enkle tiltak alle kan bidra med for å gjere situasjonen på norske vegar litt tryggare, meiner Bendheim.
Ho minner også om at mobilbruk i bil no blir straffa med bot på 7450kr og tre prikkar på førerkortet.
For dei i prøveperiode er det dobbel prikkbelasting.