– Mobbing er livsfarleg, og læraren skal ikkje ha all skulda

Ania Drage jobbar som mobbeombod i fylkeskommunen, og vart overraska når ho såg det høge prosentdelen av ungdom som svarte at dei vart mobba i Ungdata undersøkelsen.

Ania Drage jobbar som mobbeombod i fylkeskommunen, og vart overraska når ho såg det høge prosentdelen av ungdom som svarte at dei vart mobba i Ungdata undersøkelsen. Foto:

FLORØ: Nesten tjue prosent av ungdom i Florø melder at dei føler seg mobba: – Ein må handle så tidleg som mogleg, seier mobbeombodet.

DEL

Tala er henta frå Ungdata, som er spørjeundersøkingar der ungdom svarar på spørsmål om korleis dei har det i kvardagen sin. I Flora blei spørjeundersøkinga sist utført i veke 15 i 2018. I Bremanger er dei siste tala frå 2017.

– Dei tala som Ungdata viser er svært høge, og er svært skakande å sjå. Slik statistikken viser, så har talet på tilfelle av mobbing auka sidan 2014. Dei aukar fleire plassar i Norge, men når nesten tjue prosent i Florø melder at dei har opplevt mobbing, så må det bli gjort noko. Å snakke om problemet er sjølvsagt nyttig, men samtale med born, ungdom og foreldre tenkjer eg må vere eitt av mange tiltak. Ein samtale løyser ikkje eit utrygt miljø. Ein kan heller ikkje gje all skulda til lærarane, då ser ein ikkje det store bildet! fortel Aina Drage som er mobbeombod i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Eit livsfarleg symptom

– Forsking visar at mobbing er livsfarleg. Dersom ein ikkje tek tak i mobbing og finn treffsikre tiltak, må ein forvente at mobbinga aukar, i både omfang og alvorsgrad. I yngre alder er mobbing enklare å sjå, men når ungane blir eldre blir ofte mobbinga nesten heilt usynleg, og særleg no med sosiale media. Mobbing påverkar mennesket utruleg mykje. Søvnproblem, forverring av fysisk, og ikkje minst psykisk helse, tenkjer eg mellom anna er direkte konsekvensar av å bli utsett for mobbing. Mobbing skadar ikkje berre einskildindividet som blir utsett for det – den skadar alle i miljøet, og skapar utrygge og redde familiar. Mobbing er eit samfunnsproblem, og som heile samfunnet må ta del i å førebygge og handtere, seier Drage.

Ho viser til ein rapport utført av NOVA og Arbeidsforskningsinstituttet. I denne rapporten blir det sett på korleis miljøet til elevar og unge verkeleg er, og kva som kan gjere det mindre trugande. I denne rapporten blir det vist til tre strategiar: Den første handlar om at elevane må ha nokon som kan hjelpe og vise omsorg, som ein lærar. Den andre handlar om at elev, lærar, skule og foreldre må vere i dialog med kvarandre og ha gode relasjonar. Og den siste handlar om at skulen må ta ansvar for å vere ein trygg møteplass for elevane.

Kan koste samfunnet dyrt

Aina Drage har jobba som lærar i 19 år, og vart i fjor tilsett som mobbeombod. Denne stillinga skal bidra til at barn, elevar og foreldre får teke vare på sine rettar til eit godt barnehage- og skulemiljø.

– Mobbing er eit nasjonalt problem. Mange legg skulda på lærarane, noko som ikkje stemmer fullstendig. Lærarane skal passe på at skulemiljøet er trygt, men får det vanskeleg med å slå ned på mobbing som skjer innanfor ungdomsmiljø. Her må fleire engasjere seg; endå meir kompetanse til tilsette i barnehage og skular, kunnskap til foreldre og krav om foreldresamarbeid meiner eg kan vere nokre nyttige tiltak, seier Drage.

NOVA-rapporten «Skolers arbeid med psykososialt miljø» trekker fram fellesskap, åtferdsregulering og relasjonar som nøkkelfaktorar i arbeid med å skape gode og trygge skulemiljø. At born skal bli kjende med kvarandre er svært viktig i eit fellesskap i skulen, men kanskje er det vel så viktig å legge opp til at foreldre får bli kjende.

– Kan ein bruke foreldremøte til slike ting? Mindre tid på fagplanar, organisering og skulefrukt, og meir tid på å bli kjende, på sosialt samspel, fritidsfellesskap og åtferdsregulering på fritida? spør Drage.

– Å førebygge mobbing krev kompetanse, samarbeid, tid og pengar. Mobbeombodet deltek gjerne i eit slikt samarbeid på alle nivå, avsluttar Drage.

Artikkeltags