Måndag kveld stoppa ein politipatrulje ein moped i Florø. Dei mistenker at føraren av mopeden, ein mann i 30-åra, var rusa under køyringa.

Det melder politiet på Twitter rett før klokka 22.

Mannen er teke med til lege for å ta blodprøve, og politiet kjem til å opprette sak uavhengig av resultatet av den prøva. Det viste seg nemleg at mannen ikkje hadde gyldig førarkort.