Jostein Bjørnset vart politisk engasjert på tidleg sekstital og var med og stifta lag av Sosialistisk Folkeparti, som det då heitte, i Florø. Jostein kom sjølv inn som varamann i bystyret ved valet i 1971. Han fekk fast plass i 1975, og sat i bystyret til saman seks periodar for SV. I tillegg til å vere utøvande politikar , var han også leiar eller styremedlem i SV-laget her i Florø frå 1975 til 1986 og møtte på omlag alle medlemsmøte i tiår etter tiår.

Kva prega politikaren Jostein, og kva saker var han opptatt av? Han var lun og omgjengeleg. Samlande. Vi såg han aldri sint. Han brukte humor, ein avvæpnande replikk, men han var aldri redd for å sei kva han meinte, stå opp for ei sak han trudde på – eller gjere seg upopulær, for den del. Skjønt, særleg upopulær kjenner vi ikkje til at han var.
Tvert om: For oss var han ein stor stemmesankar, og på tvers av partigrenser, ein mann ein stolte på og respekterte.

Jostein var oppteken av å snakke med folk, prate med dei om saker som angjekk dei. Han var flink å lytte; ikkje vere for skråsikker med det same. Han vart formann i bygningsrådet i 1976, ein posisjon mange meinte var likt med å ikkje verte attvald. Jostein brukte posisjonen til å reise land og strand rundt, halde folkemøte på øyar, i grender og i sentrum, tidleg i planprosessar.

Bygning- og reguleringssaker stod hans hjarte nær, og han jobba godt med desse sakene. Så godt at han etter ei tid fekk fast kontordag, slik at folk kunne komme til han med saker dei var opptekne av. Han fekk òg ein periode tittelen «problem-konsulent». Ordføraren hadde fått med seg formannskapet på å la Jostein jobbe med uløyste plansaker for å rydde unna og ordne opp. Til saman sat han 16 år i bygningsrådet.

Også møta i Flora SV var prega av Jostein si store interesse for arealsaker og byplanlegging: Eit medlemsmøte hadde som tema «Jostein orienterer om bustadbygging og arealdisponering»…. Trass i eit tørr overskrift kom det godt med folk på møtet, for dette var saker som var viktig for mange. Det var i samband med planlegging av medlemsmøta i SV at Jostein sin humor kom til syne. Han hadde ein standardreplikk: «Skal vi ha kultur, eller skal Edvin (Helgheim) synge og spele?». Slike vitsar likte han godt å komme med..

Jostein var vara til bystyret i perioden 1971-75, men sjølv som vara ville han gjere ein forskjell. Då det ein gong skulle vere val til ulike nemnder og utval, stilte Jostein med mange forslag på å bytte ut folk som hadde sete lenge. Han kravde skriftleg avrøysting, og dermed tok det tid. Etter kvart vart folk i andre parti leie, og ein Høgre-representant gjekk på talarstolen og sa at no fekk han Jostein vere nøgd, han hadde fått markert seg. Korpå Jostein repliserte at han ikkje på nokon måte var nøgd med å markere seg, målet hans var å få bytta ut folk og dermed få fram ny politikk.

Det var også i denne perioden han fekk tilnamnet «SV-general» . Denne nemninga kom i eit avisordskifte med Dagfinn Hjertenes om Høgre sin dårlege distriktspolitikk. Dei to skulle seinare bli kalla florapolitikkens Knoll og Tott. Dei hadde god kjemi, og var humoristiske, hardtarbeidande og lite sjølvhøgtidlege. Slikt blir det resultat av, trass ulik politisk ståstad.
Særleg arbeidet dei to la ned i selskapet Botnaneset Industriselskap for å få realisert oljebasen, har vore avgjerande for byen vår.

Ved valet i 1979 stod Jostein på 1.plass, gjorde ein god valkamp og sanka mange stemmer. Han dreiv valkamp i øyane, reiste rundt med rutebåten – ofte med ungane på slep. Han synest det var viktig å representere heile kommunen. I heile Jostein si tid var det lokale saker som stod hans hjarte nær, og det å snakke dei svakaste si sak. Han var ingen ideolog, men eit sosialistisk fundament låg til grunn i alt han gjorde.

I 1981 hadde Firdaposten oppteljing og kom til at Jostein var den ombodsmannen som møtte på flest kommunale møte. Han var i bystyret, formannskapet, bygningsrådet–i tillegg til andre råd og utval. Ikkje eitt forfall. Midt oppi dette hadde han kapasitet til å etablerte si eiga private verksemd. Han klaga aldri på å skulle møte, men det hende han syntest debattane vart kjedelege. Han likte seg best når temperaturen i debatten auka og sa då rett ut kva han meinte. Han var likevel aldri ufin mot sine motstandarar.

Etter 16 år i bygningsrådet, tok han leiinga i samferdsleutvalet. Her var mange saker å engasjere seg i. Han tok tak i rasproblematikken i Sundefjellet, der det kom tunnel etter kvart, innfartsvegen på nordsida av Florelandet, gangveg i Havreneset, Sunnfjordtunnelen og ikkje minst båtrutene, for å nemne nokre. Han var med på å få fortgang i og realisert alle desse, i godt samarbeid med andre. Forslaget sitt om tunnel under Kleiva til Nonskaret for å leie trafikken ut av sentrum, fekk han derimot aldri gjennomslag for…

Jostein var ein taktikar. Han var oppteken av å samarbeide med representantar frå andre parti, og jobba godt for å få gjennomslag for forslag og standpunkt. Ofte var det han som kom med kompromissforslag som vart vedtatt. Han var meir oppteken av å få ting til enn personleg profilering, men det var likevel få utgåver av Firdaposten i denne perioden som ikkje hadde med eit eller anna om Jostein Bjørnset.

Jostein var på ingen måte oppteken av sine eigne posisjonar; han ville gjerne ha nye, unge folk opp og fram . I 1991 hadde han vore politikar i 20 år, og hadde varsla at han ville gje seg før valet. Han gjekk likevel på ein ny periode. Saman med Ap vann SV valet det året, og Jostein blei varaordførar. Heidi Grande Røys som sto på SV-lista for første gang, kom også inn i bystyret og fekk lære politikkens kunst av den fremste handverkaren i Florapolitikken.

Ho fekk stor tillit og ei sjølvstendig rolle frå første stund, og fekk ansvar for eigne saker. Sjølv om dei ikkje alltid var einig i sak, respekterte Jostein hennar standpunkt. Ho fortel òg at då ho seinare kom på Stortinget, ringte han ofte med synspunkt på korleis ho skulle behandle enkelte saker. Når han hadde fått sagt det, forfølgde han dette ikkje vidare, han hadde fått fram si meining.

Då landet i 2005 skulle markere 100 år etter unionsoppløysinga, fekk kvar stortingsrepresentant invitere med seg ein person som hadde markert seg i lokalsamfunnet. Heidi var ikkje tvil; det måtte bli Jostein Bjørnset. Dette sette han stor pris på.
Han var med i Stortinget og seinare på festforestilling i Oslo konserthus, sjølv om akkurat det siste, denne kulturen, nok ikkje var høgdepunktet.

Jostein ga seg i politikken i 2003, men ga seg på langt nær med politisk engasjement eller utspel i Firdaposten. Dei siste åra var det helse og eldreomsorg han var oppteken av. Dette runda av mange tiår med kamp for lokalsjukehuset.
Men også andre saker opptok han. Seinast før 1. mai i år, ringte han til SV-politikarar og var oppbrakt over at det ikkje skulle vere 1. mai-markering i Florø. Korona eller ei. Jostein var eit politisk menneske til det siste.

Vi i Flora SV takkar Jostein for mange, mange års innsats for partiet vårt. Vi takkar for kameratskap og engasjement som har gitt resultat som står att etter han.

Vi lyser fred over Jostein Bjørnset sitt minne.