Gå til sidens hovedinnhold

Milliardauke i statleg bruk av konsulentar

Artikkelen er over 1 år gammel

Staten har brukt over éin milliard kroner meir på konsulenttenester i år enn i same periode i fjor, skriv Dagbladet. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum reagerer.

– Dette er djupt problematisk. Utviklinga går i gal retning. Konsulentbruken burde gå ned, ikkje opp, seier Vedum til Dagbladet.

Det er i eit svar på eit skriftlig spørsmål frå Vedum at finansminister Jan Tore Sanner (H) oppgir at staten har brukt 4,9 milliardar kroner på konsulenttenester i løpet av dei første seks månadene av 2020. For 2019 var talet 3,9 milliardar, ifølge avisa.

Dagbladet skriv at det reelle talet er langt høyare, noko som skuldast at tal frå statlege verksemder som driv nettobudsjettering, ikkje er tatt med. Det er for eksempel universitet og forskingsinstitutt.

Sanner forsvarte regjeringa sin konsulentbruk i VG i februar.

– Faktum er at konsulentbruk i staten sørger for at prosjekt blir gjennomført og kvalitetssikra, sa Sanner då.

Han la imidlertid til at han «skal vere den første til å slå ned på unødvendig konsulentbruk».

(©NTB)

Kommentarer til denne saken