Denne veka går startskotet for skulevalet i år. – Resultatet er ein fin indikasjon på kor norsk politikk er på veg, seier valforskar Johannes Bergh.

Skulevalet ved dei vidaregåande skulane er 6. og 7 september, men ved nokre skular blir valet halde allereie kommande veke, frå 30. august. Resultatet blir publisert tysdag 7. september klokka 19.

– Skulevalet er ein fin indikasjon på kor norsk politikk er på veg. Parti som er i vinden og gjer det bra, gjer det gjerne spesielt bra ved skulevalet, seier valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning.

– Det er dessutan spennande med Senterpartiet og korleis dei vil gjere det i skulevalet. Dei har jo floge veldig høgt, men slit etter kvart på målingane, seier han vidare.

Klima og miljø er den store saka som mobiliserer unge veljarar. Dette gjeld både dei yngste som skal delta på skulevalet, men også andre unge veljarar. Det som ein ser på partimålingane no, er den vidare utviklinga av det ein såg ved skulevala i 2019. Tendensen viste seg allereie i 2017.

– Det er eit generasjonsgap mellom dei unge og dei vaksne eller eldre. Dei unge går i retning av dei grøne partia som SV, MDG og Venstre, seier Bergh.

Partia som har ein annan type miljøprofil, som til dømes Frp, gjer det ikkje bra blant dei unge.

– Til gjengjeld gjer dei det bra blant meir middelaldrande og eldre veljarar. Dei kan mobiliserast som ein opposisjon mot miljøtiltak og klimapolitikk, som dei meiner går for langt, seier valforskaren.

Stor deltaking

I dag blir skulevalet gjennomført ved minst ni av ti norske vidaregåande skular. Tradisjonelt er deltakinga stor, og 80 prosent av elevane stemmer.

– Det store søkjelyset på skulevalet er sjølve valresultatet, seier avdelingsdirektør Knut Kalgraff Skjåk ved Norsk senter for forskingsdata (NSD).

NSD koordinerer dei tekniske løysingane og publiserer resultatet.

– Ein annan viktig del er å auke den demokratiske interessa og demokratisk deltaking. Det gir elevane høve til å delta i eit val og sjå kva det går ut på, seier Skjåk.

Skulevala er ein viktig arena for ungdomspolitikarane. Nesten alle skulane arrangerer valdebattar eller stands. Der får lokale representantar for ungdomspartia prøvd seg og trena på debatt.

Hasj og ytringsfridom

Det nasjonale skulevalet har vorte arrangert sidan 1989. Det var NRK-valveteranen Geir Helljesen som i si tid tok initiativet til å samordne skulevala. Dette har etter kvart inspirert nokre andre land. I dag blir det arrangert skuleval i Danmark og Kroatia. Det neste landet kan bli Sør-Korea, som planlegg å innføre skuleval etter eit besøk til Noreg for to år sidan.

Det er Utdanningsdirektoratet som har ansvaret for gjennomføringa. Dei har komme med tilrådingar for gjennomføring av debattane.

Det er gitt streng beskjed om at lover om ytringsfridommen òg gjeld for debattane ved skulevala. Det betyr mellom anna at verken parti eller skulen kan byggje inn noka form for sensur av politiske ytringar.

I 2019 vekte det sterke reaksjonar at Unge Venstre vart hindra i å setje opp ein plakat om legalisering av cannabis. Sjølv statsminister Erna Solberg (H) gjekk ut og sa frå då skuleleiinga på ein vidaregåande i Tromsø ville stoppe plakaten.

– Dei skulane og lærarar som har prøvd å stoppe materiellet til Unge Venstre, avgrensar derfor demokratiutfaldinga på ein måte som ikkje er akseptabel, skreiv statsminister Erna Solberg (H) på Facebook.

(©NPK)