Mildaste pollensesong på 25 år i Sør-Norge

Bjørka springer tidlig fram på våren og sørger for problemer for mange med allergi.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Bjørka springer tidlig fram på våren og sørger for problemer for mange med allergi. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix Foto:

Av

Pollensesongen i Sør-Noreg ligg an til å bli den mildaste sidan 1994, ifølgje Noregs Astma- og Allergiforbund (NAAF).

DEL

– I fjor var det ein veldig hissig sesong, og då ser ein at denne sesongen blir litt mildare. Då treng trea eit lite kvileår, seier kommunikasjons- og marknadssjef Hogne Skogesal i NAAF til NRK.

Det er særleg bjørkepollen det er mindre av.

Om tendensen ein har sett så langt i år, held fram, ligg årets pollensesong an til å bli den mildaste sidan 1994, ifølgje Skogstad.

Også i nord kan det bli mildare enn i fjor.

– Lenger nord i landet lèt det til at rakla og pollenproduksjonen er på eit meir normalt nivå, men her har ein kjølig og fuktig vêrtype førebels halde spreiinga noko tilbake, seier pollenforskar Hallvard Ramfjord.

Om lag ein million nordmenn har pollenallergi.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken