Mikrobedrifta Retrams i Florø kapra innovasjonskontrakt med helsegigant

Stein-Asle Øvrebotn og Per Ove Lexau i Mikrobedrifta Retrams i Florø er i ferd med å skape ei Askeladden-historie i Kystbyen. Dei har kapra ei stor innovasjonskontrakt med Helse Bergen og Haukeland universitetssjukehus, og har sikra seg opsjon på levering.