Mia Sofie Terøy-Valberg (14) og hesten Stald Kiels Kur deltok i år for første gang i Fjordhest-NM Junior, og ho representerer Flora hestesportklubb. Her starter ein LB dressurridning, lett presisjonskøyring og 80 cm sprangriding. Ein må kvalifisere seg i alle tre greiner for å få delta. Hesten kjøpte familien i november 2021, så dei har ikkje hatt lange tida på å bli kjende. Hesten er egentlig mor til Mia sin hest.

Mia har også ein sprangponni som ho konkurrerer med. Interessa for fjordhest NM blei nok tent hos heile familien Terøy-Valberg i juni 2021 då underteikna spurt om Mia ville ri sprangdelen på hingsten Lyheims Leik som skulle delta i beste unge Fjordhest på NM Fjordhest i 2021 i Drammen. Lyheims Leik, Lucinda og Mia klarte i 2021 å ta tittelen Beste Unge Fjordhest. Dette gav såpass meirsmak att familein kjøpte Stald Kiels Kur i november 2021.

Trente godt heime i Høydalen

Det ligg mykje trening bak å ri NM-klasse under fjordhest NM. Mia har trent godt gjennom heile vinteren, heime i Litle Høydalen, der dei må ut uansett ver og vind utan både ridebaner og ridehall. Innimellom kjem dei til Sunnfjord hestesportsenter og trener der også, særleg for å få sprangtrening. Sprang er nok Mia sin favorittgrein.

I februar i år reiste Mia for å gjere si første kvalifisering. Ferda gjekk til Nordfjordeid og dressurstemnet der. Sprang-kvalifiseringa tok Mia på heimebane i Florø i påska, og køyrekvalifiseringa var i boks etter ein tur til Nordfjordeid nok ein gong, denne gongen på køyrestemne i slutten av april.

Mia har jobba hardt og målretta for å bli endå betre i alle greiner og har starta fleire stemne i alle greiner. Vi har terpa på detaljer for heile tida å bli betre.

Under NM, som gjekk av stabelen i Førde, blei Mia og Kur nummer to av juniorane i dressurdelen og la dermed eit godt grunnlag. Dessverre blei det litt for mange riv under presisjonskøyringa, og Mia og Kur blei her dårlegast av juniorane. Dermed låg dei på 3. plass før sprangklassa. Tre av juniorane kom til omhopping, og Mia var derfor nøydd til å satse alt for å fortsatt halde medaljeplass.

Satsa alt på ein hest

Før sin eigen start i denne sprangklassen med Stald Kiels Kur, rei Mia hingsten Lyheims Leik feilfritt inn i samme klassen. Så Mia hadde derfor to hestar klare for omhopping i klassen. Siden Lyheims Leik likevel ikkje kunne bli betre enn nummer to i Beste Unge Fjordhest, hoppa ho ikkje omhopping med han. I staden satsa ho alt på omhopping med Kur.

Dette viste seg å vere lurt. Mia og Kur vann sprangklassen og klarte derfor å behalde bronseplassen. Mia hadde samme poengsum som nr 2 i junior. Men reglane seier ved poenglikheit at den som var best i køyredelen skal rangerast føre. Det blei difor bronse på Mia og Stald Kiels Kur, noko Mia var veldig førnøgd med.

Innsatsen til Mia med hingsten Lyheims Leik i sprang heldt også til att Lyheims Leik blei nummer to i beste Unge Fjordhest 6 år. Lyheims Leik og eigar/oppdrettar rei tidligare i veka eit fint dressurprogram og ei feilfri fin runde i presisjonskøyring. som la eit godt grunnlag.

Beste Unge Fjordhest er laga for å stimulere til bruk av Fjordhest. Lyheims Leik er avkom nummer sju av samme mor, der fire avkom har delteke i Beste Unge Fjordhest og blitt plassert. Alle er oppdretta av underteikna. Fjordhesten er raudlista, og avl og bruk av den er viktig for bevaring av kulturarven vår.