– Dette er det viktig å vise fram, også for lokalavisa

Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Firdaposten har etterlyst lokale #metoo-opplevingar, og har fått mange svar. – Det viser at seksuell trakassering er eit samfunnsproblem, og at vår vesle andedam ikkje er noko unntak.

DEL

Det seier Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee.

Søndag lanserte Firdaposten si eiga lokale spørjeundersøking om #metoo, og etterlyste lokale eksempel. Det har komme inn mange svar, over 50 på to døgn.

Halvparten av dei som har delteke i undersøkinga, har blitt utsett for seksuell trakassering og krenking. Halvparten av desse igjen har opplevd det fleire enn ein gong, mange også fleire enn ti gonger.

– Det viser at dette er eit samfunnsproblem. Dessverre er ikkje vår vesle andedam noko unntak når det gjeld seksuell trakassering, seier Vee.

– Det kjem eigentleg ikkje som noko overrasking. Hittil har #metoo på mange måtar vore elitistisk, med mange historier frå kjendisar og kulturliv, men vi må ikkje vere så naive å tru at det ikkje skjer her. Dette er det viktig å vise fram, også for lokalavisa, seier redaktøren.

Eg hadde utplassering i ein butikk då eg gjekk på ungdomsskulen. Sjefen kom med mange seksuelle tilnærmingar.

Anonym deltakar i Firdaposten si undersøking
  • Sjå fleire eksempel frå undersøkinga nedst i saka

– Kan ha varig verknad

Nesten 70 prosent av dei som hittil har svara på undersøkinga, trur at #metoo vil føre til varige samfunnsendringar.

– Det er positivt å sjå at folk trur at kampanjen kan ha varig verknad. Men då må det også skje noko med sakene det er varsla om, og dei som ikkje har meldt ifrå om eigne opplevingar må gjere det, oppfordrar Vee.

Mange opplever å ikkje bli trudd eller høyrd når dei melder ifrå.

– Det er skummelt å sjå kor høge tala er der, seier redaktøren.

Undersøkinga held fram

Vee oppmodar folk om å ta Firdaposten si undersøking, og å dele historiene sine.

– Deltakinga er 100 prosent anonym, sjølv om ein må logge inn med Google. Vi får uansett ikkje informasjon om kven som har svara, berre dersom ein legg inn kontaktinfoen sin i det siste feltet i undersøkinga, seier han.

I svara har det også komme inn historier om straffbare handlingar.

– Det er saker her som er av straffbar karakter. Men sidan svara er anonymisert veit vi ikkje noko om kven dette gjeld. Vi vil oppmode dei som er offer om å ta kontakt med advokat, politi eller overgrepsmottak, for å få hjelp og for å varsle. Sjølv om enkelte saker kan ha skjedd for ei tid tilbake er det viktig å melde ifrå, seier Vee.

Firdaposten ønsker ikkje berre svar frå dei som sjølve har opplevingar å fortelje om, men også frå andre som har meiningar om #metoo. Dei komplette resultata av undersøkinga vil bli presentert på Kvinnedagen 8. mars. Det same vil også mange andre av Amedia-konsernet sine 63 lokalaviser gjere.

Du kan svare på undersøkinga her: #metoo Firdaposten
(Eller i skjemaet nedst i saka)

Utdrag av nokre av tilbakemeldingane:

«Blei utsett for seksuell trakassering i politikken, av eldre mann i moderpartiet. Varsla, men det fekk ikkje konsekvens for utøvaren.»

«Vi må tole såpass frå kvarandre, og heller ta det som eit kompliment. Eg har nok blitt krenka mange gonger, men aldri tatt det på ein negativ måte eller hatt behov for å gjere noko ut av det.»

«Eg blei banka opp av overgriparen fordi eg hadde meldt overgrepet.»

«Hadde utplassering i ein butikk då eg gjekk på ungdomsskulen. Sjefen kom med mange seksuelle tilnærmingar. Som 14-15-åring synst eg det var ubehageleg at ein vaksen mann oppførte seg slik.»

«Eg har blitt utsett for overgrep to gonger på tur i utlandet. Eg slit med å stole på menn etter dette, og gøymer kroppen min som følge av det eg har opplevd».

«Det å vere skeiv i mannsdominert yrke er ikkje lett. Har tidlegare varsla om mobbing på arbeidsplassen, til mellomleiarar, utan respons.»

Artikkeltags