Kva er #metoo i vårt lokalsamfunn?

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Artikkelen er over 1 år gammel

Saman med mange av Amedia sine 63 lokalaviser og Nettavisen skal Firdaposten no få fram folket sine #metoo-historier. På Kvinnedagen vil vi presentere omfanget av #metoo landet over.

DEL

Dei siste månadene har #metoo bredt om seg og blitt eit globalt fenomen. Så langt har det til dels blitt veldig bransjespesifikt, og noko som i hovudsak har involvert det øvre sjiktet i samfunns- og næringslivet.

Men metoo-historiene finst ikkje berre blant politikarar, skodespelarar og i mediebransjen. Det går føre seg i alle samfunnslag, og alle stader.

I samarbeid med ein rekke av Amedia sine 63 lokalaviser og Nettavisen vil Firdaposten no forsøke å få fram folket sine eigne metoo-historier.

  • Sjå spørjeskjema nederst i saka - deltakinga er 100 % anonym

Kva med dritsekken av ein barsjef, kunden som alltid er ubehageleg, dusten av ein salsleiar, eller den klåfingra kvinnelege økonomisjefen?
– Firdaposten ønsker at lesarane skal dele sine metoo-opplevingar. Undersøkinga er sjølvsagt heilt anonym, men ein er også velkommen til å kontakte ein av Firdaposten sine journalistar om ein ønsker det, seier Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee.

Trass i eit enormt fokus på seksuell trakassering dei siste månadene kan definisjonen på #metoo for nokon framleis vere uklar.
– Med Metoo meiner vi at ein person har blitt utsett for uønskt seksuell merksemd, og støtter andre som har opplevd det same, forklarer Vee.


På kvinnedagen 8. mars vil Firdaposten, Nettavisen og ei rekke av Amedia-aviser over heile landet presentere omfanget av #metoo i Norge.
– Med dette ønsker vi å sette dagsorden. Å gjere Norge betre, og å markere ein felles parole. Vi skal rett og slett spegle #metoo slik heile Norge ser det. Eg håpar lesarane blir med på dette prosjektet, og deler sine historier, seier Svend Arne Vee. 

  • Har du problem med skjemaet? Det kan vere trøblete på mobil. Gå til denne adressa: #metoo Firdaposten

Artikkeltags