Gladmelding frå meteorologen: No kjem sola!

VAKRE DAGAR: Det er berre å gle seg til helga og dei første dagane i neste veke. Då kjem nemleg sola. Her frå Solheimsstøylen i Hyen.

VAKRE DAGAR: Det er berre å gle seg til helga og dei første dagane i neste veke. Då kjem nemleg sola. Her frå Solheimsstøylen i Hyen. Foto:

Av

Og i neste veke kan vi truleg også vente oss årets første snøfall i låglandet.

DEL

– Vi går ei fin helg i vente og vi får også nokre skikkeleg fine dagar i neste veke.

Det seier meteorolog i StormGeo Lillian Bergheim til Firda fredag morgon.

Fine dagar i vente

Fredag kan vi vente oss litt overskya vêr og det vil nok halde seg litt slik utover dagen. Det kan kome ei og anna regnbye i løpet av morgonen og formiddagen.

Men i løpet av fredag kveld og natt til laurdag klarnar det opp:

– Då blir det sol frå stort sett skyfri himmel. Det kan kome nokre skyer, men vi får mykje sol laurdag, søndag og måndag, seier Bergheim.

Tysdag blir det litt meir skyer, men vi får ikkje nedbør.

Vi kan få snø onsdag

Vi kan vente oss kjøligare dagar etter kvart i neste veke. Særleg onsdag blir bra kaldt, og det er også venta nedbør.

– Så vi skal ikkje sjå vekk frå at det kan kome nedbør med litt kvitt i seg. Det blir eit lite dryss snø eller sludd, seier Bergheim.

Torsdag i neste veke ser kald og fin ut, medan fredag og neste helg ser mindre lovande ut.

–Men det er enno lenge igjen til den tid, så ting kan endre seg kjapt, seier Bergheim.

Artikkeltags