Meteorologen: – Veka ser veldig lovande ut

GLED DEG: Snart kjem sola tilbake for fullt. Vi går ei fin veke i vente.

GLED DEG: Snart kjem sola tilbake for fullt. Vi går ei fin veke i vente. Foto:

Hent fram badekleda, for no kjem snart sola og varmen tilbake!

DEL

(Firda) Dagen i dag, søndag, blir heilt ok. Det blir ein god del skyer og litt regn. Heldigvis blir det betre i kveld, då kan vi få glimt av sola. Det seier meteorolog i StormGeo, Lillian Bergheim til Firda søndag.

God veke i vente

Ho kan heldigvis love oss endå betre vêr for neste veke:

– Det ser veldig lovande ut. Det er eit høgtrykk som bygger seg opp ute i Norskehavet med ein høgtrykksrygg som dekker stort sett heile landet heile veka.

Det fører med seg mykje sol. Og temperaturane stig utover veka, og allereie tysdag og onsdag kan vi passere 20 grader. Ved kysten kan det bli litt kaldare, men ikkje lågare enn rundt 18 grader.

Kan få oppimot 25 grader neste helg

Veka ser altså veldig lovande ut. Men ein og annan regndrope kan likevel kome tysdag, legg meteorologen til.

Det kan også blåse ein del på kysten måndag, med liten til stiv kuling.

– Utanom det ser det ut til at vi har ei veldig bra veke i vente med milde luftmassar som brer seg utover. Særleg neste helg kan det vere at til dømes Førde får 23 og heilt oppi 25 grader, seier Lillian Bergheim.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken