Sjølv om KF Innvandrarsenteret har kome eit viktig steg på vegen mot ny asylmottaks-drift i Florø, er det få teikn til at det vert motteke nye asylantar i kystbyen med det aller første. Det stadfestar leiar ved KF Innvandrarsenteret, Arild Melvær.

– Status er at vi, i lag med fire andre mottak, har fått på plass ein rammeavtale med Utlendingsdirektoratet (UDI) om mottak av framtidige asylantar for region vest. Den dagen UDI har behov for mottaksplassar i vår region, vil det bli køyrt ein mini-anbodsrunde mellom desse fem aktørane om kontrakt, forklarar Melvær.

Korte horisontar

Dei fire andre mottaka det er snakk om, er Link, Hero, Stiftelsen Sana og Norsk Folkehjelp. Alle desse aktørane har same status som Solbakken asylmottak. Med svært mange faktorar avklart i førehandsgodkjenninga, seier Melvær at vegen frå ei eventuell UDI-utlysing og til aktiv drift, kan vere kort.

Jublar for mogleg Solbakken-comeback: – Dette er vinn-vinn for heile florasamfunnet

– Eg vil anslå at vi treng mellom ein og to månader frå utlysing, via avklaring og til aktiv drift. Den tida treng vi for å klargjere både bygningsmasse og personell. Det betyr at det er lite sannsynleg at det blir noko drift i Florø inneverande år, slår Melvær fast.

UDI har sagt opp fleire

– Kva andre faktorar må til for at UDI trykkjer på anbodsknappen?

– Det er fleirdelt. No har UDI nyleg sagt opp avtalar med fem forskjellige mottak her i landet, og det vil ikkje bli skrive nye. Det styrkjer vår framtidige posisjon. I tillegg kjem sjølvsagt korleis sikkerheitssituasjonen ser ut rundt oss i verda. Ein krig eller ei krise internasjonalt aukar ofte asylantstraumen, det har vi sett mange døme på, seier Melvær.