I 2022 vil Hurtigruten Norge sine skip frakte 10 prosent fleire passasjerar per skip enn i 2019.

Det melder reiarlaget i ei pressemelding.

- Mange har lagt ferieturen sin til norskekysten med oss i sommar, så akkurat no har vi fullt trøkk, fulle skip og fullt opp med å vise gjestane små og store lokalsamfunn langs verdas vakraste kyst, seier Hedda Felin, administrerande direktør i Hurtigruten Norge.

I perioden juni til august reknar ho med 10 prosent fleire passasjerar per skip enn i same periode før pandemien. Over 75.000 gjestar er venta å reise med Hurtigruta i juni, juli og august.

Fulle skip gir lokale ringverknader

Felin meiner det er viktig for små og store bedrifter at talet på turister aukar.

- At turistane er tilbake for alvor, betyr mykje for heile kysten. Etter nokre tunge korona-år treng reiselivet dette løftet, og vi er glade for å bidra med dei lokale ringverknadene Hurtigruten skapar i hamnene og hos bedriftene, seier Felin.

Ho viser til at Hurtigruten Norges gjestar bestiller utflukter, museumsturar og andre opplevingar i dei fleste av dei 34 hamnene skipa seglar til. I tillegg kjem inntekter for lokale produsentar av at selskapet kjøper inn råvarer frå produsentar langs heile kysten, for at gjestane skal få servert det beste norskekysten kan tilby i matvegen.

- Samtidig kunne effekten vore større viss det framleis ikke mangla to skip i kystruten. Det blir mindre inntekter for hamner og bedrifter enn det burde vore, og færre som får reise. Men Hurtigruta seglar uansett med alle skip og leverer på samfunnsoppdraget vårt med frakt av gods, turister og lokalpassasjerer, slår Felin fast.

Mange tok Hurtigruta under flystreiken

Hurtigruten merkar også ein klar effekt av flystreiken, der mange valde Hurtigruta som alternativ då flya stod på bakken. Den siste helga av flystreiken booka tre gonger så mange passasjerar ei lokalreise på Hurtigruta samanlikna med veka før, altså ein 200 prosent auke. Fleire avgangar har vore heilt fulle.