Det blir no mekla mange timar på overtid i tre ulike lønnsoppgjer etter at fristen gjekk ut ved midnatt. Tusenvis kan bli tekne ut i streik ved brot.

Ved 7-tida tysdag morgon var det framleis forhandlingar i alle dei tre meklingane.

Rundt ein time før fristen gjekk ut ved midnatt sa riksmeklar Mats Wilhelm Ruland at han ikkje rekna med at partane ville bli samde før fristen og at meklinga ville halde fram utover natta.

Ved 3:30-tida natt til tysdag, etter mange timar med forhandlingar, sa Ruland til NRK at oppgjeret for stat og kommune er vanskeleg.

– Eg håpar vi skal klare å komme i mål. Per no har vi ikkje noko brot, så eg er optimistisk. Vi vil jobbe målretta framover no, seier Ruland.

– Vi held på til vi er ferdige, om det er 2 i natt eller 14 i morgon, seier Ruland til FriFagbevegelse.

Ruland seier at det har vorte jobba godt og konstruktivt i alle dei tre meklingane.

Meklingane omhandlar lønna og arbeidsvilkåra til fleire hundre tusen tilsette sentralt i stat og kommune og dessutan ei eiga mekling berre for Oslo kommune, som er eit eige tariffområde:

(©NPK)