Opp mot 250 avgangar og 45.000 reisande kan bli ramma kvar dag, ifølgje nyheitsbyrået TT. Det er ikkje kjent kor mange avgangar frå norske flyplassar som blir ramma.

Kjernen i konflikten er skipinga av to bemanningsselskap. Då pandemien ramma, mista rundt 560 pilotar jobben. Samtidig vart dotterselskapa SAS Link og SAS Connect oppretta. Desse skal overta fly og fyllast med nye pilotar. Pilotforeininga ønskjer ei forsikring om at medlemmene deira får dei nye arbeidsplassane.

Partane har mekla sidan 13. juni. Opphavleg gjekk fristen ut natt til onsdag, men han vart då utsett til midnatt fredag. Kort tid etter at den nye fristen gjekk ut, vart den igjen forlengt til laurdag kl. 11.

Laurdag vart fristen utsett til måndag klokka 12. Partane sa då at dei framleis hadde håp om å semjast.

Roger Klokset i Norske SAS-flygarars foreining har varsla at dei er villige til å la SAS gå konkurs, og at dei kjempar ein prinsipiell kamp for grunnleggjande rettar for arbeidstakarar i Norden.