Gå til sidens hovedinnhold

Meir tryggleik til elevane

Artikkelen er over 1 år gammel

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Ingen elevar skal ufrivillig måtte reise langt for å ta vidaregåande utdanning. For oss i Senterpartiet har det heile tida vore viktig å sikre elevane moglegheita til å gå på ein skule nær der dei bur. Me er difor svært glade for at samarbeidspartia i Vestland fylkesting har vedteke ny modell for inntak til vidaregåande opplæring som sikrar at elevane får moglegheit til å gå på ein skule nær heimen, samstundes som dei har valfridomen til å søkje utdanningsprogram og skular kor som helst i fylket.

Me kan vere ærlege med ein gong: Det er vanskeleg å lage ein «perfekt» inntaksmodell, og det er mange omsyn å ta. Den nye inntaksmodellen i Vestland tek utgangspunkt i skule- og tilbodsstrukturen me har i dag, i tillegg til historiske søkjarmønster. Den nye inntaksmodellen vil fungera slik:

  • Fylket vert delt inn i nærskuleområde. Alle elevar kan søkje seg til alle skular i fylket, men får nærskulepoeng (tilleggspoeng) til skulane i nærskuleområdet.
  • Dersom det ikkje finst tilbod om eit bestemt utdanningsprogram eller programområde ved skulane i eit nærskuleområde, får elevane nærskulepoeng til alle skular med det ynskte utdanningsprogrammet. Med dette prinsippet kan ungdomar søkje seg til område i Vestland der dei har familie eller vener.
  • Somme utdanningstilbod finst berre på nokre få skular i fylket. Her konkurrerer alle på like vilkår med karakterpoenga sine. Det gjeld utanlandstilboda i Vestland, International baccalaureate, YSK/TAF-linjene og naturbruk. Avtalane om skuleplassar med Rogaland og Møre og Romsdal held fram. Det sikrar at elevar som har nærast liggjande skule og utdanningsprogram i nabofylka, få søkja der.
  • For ungdomar som bur i grenseområda mellom to nærskuleområde, gjer ein systemet litt meir fleksibelt og gir desse ungdomane næreskulepoeng til skular i naboområdet. Elevar frå Solund får t.d. nærskulepoeng til Austrheim vidaregåande, elevar frå Gulen får nærskulepoeng til Austrheim og Knarvik vgs, medan elevar frå Alver kommune i Nordhordland får nærskulepoeng til skulane i Bergen kommune. Elevar frå Aurland og Vik i Sogn får nærskulepoeng til skulane på Voss. Dette meiner Senterpartiet er eit riktig og viktig grep og gjer at fleire kan få skuleplass i nærområdet sitt.

Senterpartiet har stor tru på ein inntaksmodellen som kombinerer fridomen til fritt å kunne velje utdanningsprogram og skule, og samstundes sikre at ein kan få gå på ein skule i nærområdet sitt. Det vil gi meir tryggleik til elevane. Dersom ein ser uheldige konsekvensar av den nye modellen, vil ein gjere justeringar. Ein vil òg sjå på om det er mogleg med ein reisetidsgaranti, som sikrar at elevane ikkje får for lange avstandar til skulen. For mange vil dette bidra til meir tryggleik. Vestland eit fylke med store avstandar og somme ungdomar vil likevel måtte flytte hybel. Desse elevane er sjølvsagt ikkje gløymt, og det er viktig at desse vert godt tekne vare på i dei nye skule- og nærmiljøa sine. Det er noko Senterpartiet skal arbeida for å sikra.



Kommentarer til denne saken