Gå til sidens hovedinnhold

Meir koronasmitte i tre kommunar. Kinn er ein av dei.

Tre nye blir rapportert smitta onsdag morgon.

Det er avdekt tre nye tilfelle av Covid-19-smitte blant testane som Helse Førde har ansvar for.

Det melder føretaket på sine nettsider onsdag morgon.

Dei tre nye smittetilfella er knytt til kommunane Kinn, Stryn og Årdal, og blei funne blant 367 utførte analysar, melder Helse Førde.

Helseføretaket minner om at kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Kommentarer til denne saken