Sist Florø tapte i serien var borte mot Raufoss 2 den 7. mai. Laurdag plukka dei tre nye poeng, heime mot Brumunddal, mykje takka vere magikaren frå Portugal, Nelsinho.

Først leverte han eit kunstverk av ei scoring etter 19. minutt, og så dobla han leiinga rett før pause med ein av dei enklaste scoringane han har scora etter ein kontring av høg klasse, og eit flott raid av Sofiane Dia.

Høgdepunkta frå kampen kan du sjå her.

Dårleg dag

Dermed har Nelsinho scora sju mål på ti kampar i Florø-trøya i år, og er no aleine på toppen av scoringslista for Florø, to mål meir enn rekkekamerat Lido Lotefa. Totalt har han scora 15 mål på 34 kampar, og det blir nok fleire før sesongen er over.

Men om vi ser bort frå scoringane var det ikkje så mykje å glede seg over for nokon av laga i denne kampen. I eit hustrig sommarvêr var det lite som skjedde framfor måla. Dette var det engelskmenn kallar for ei «ugly win». På norsk kan vi kalle det å vinne på ein dårleg dag.

Florø skapte ikkje all verda utanom scoringane. Bakover hadde dei stort sett full kontroll, men Brumunddal gjorde eit heiderleg forsøk på å kome tilbake i kampen i andre omgang. Trenar Pereira var tydeleg frustrert over prestasjonane utover i andre omgang, sjølv om bortelaget fekk lite til.

Redusering

Mein berre eitt minutt før slutt fekk Syver Karlsen stå heilt aleine i feltet og banke inn ei redusering for Brumunddal. 1–2 gjorde at overtidsminutta blei meir spennande enn dei burde ha vore.

At dommaren la til heile sju minutt gjorde at det til slutt smakte ganske godt når han endeleg putta fløyta i munnen og blåste av kampen. Dei tre poenga blei verande igjen i Florø denne gongen. Fortent, men ikkje så komfortabelt som det burde ha vore.

Bortesupporterane.

På tabellen betyr det at Florø framleis har heng på topplaga. Fem lag har skilt seg ut i toppen, med andrelaga til Molde og Aalesund på topp. Elverum og Førde er dei to andre laga i denne kvintetten.

Om Florø kan halde fram med å plukke trepoengarar på dårlege dagar kan det bli ein morosam haust for dei som er glade i fotball og Florø.

Nelsinho var kanskje best på bana, med sine to scoringar. Best på stadion var nok likevel bortesupporterane til Brumunddal, som hadde køyrt langt for å støtte laget, og heldt det gåande med song og tilrop gjennom heile kampen. Fattig trøyst kanskje, men tribunekampen vann gjengen frå Dala suverent. For ein gjeng!