Ikkje rør jordmorvakta i kommunen min!

Maren Igland Avsnes.

Maren Igland Avsnes. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

At levekårsutvalet (LKUV) i Flora kommune har vedteke å fremje eit forslag om å legge ned beredskaps- og følgjetenesta for gravide gjer meg både oppgitt og bekymra

DEL

DebattÅ bere fram eit barn til verda er den finaste og største oppgåva eg har fått, og å bu i ein kommune der eg trur desse borna vil få ein trygg og god oppvekst er viktig for meg. Likeeins er det viktig for meg å føle meg trygg og ivaretatt under sjølve graviditeten, fødselen og i den påfølgjande barseltida.

Bakgrunn

Beredskap- og følgjetenesta for gravide i Flora kommune, også omtalt som jordmorvakta, har sidan januar 2010 vore Helse Førde (HF) sitt ansvar. Etter at HF i 2013 ikkje lengre ville finansiere denne tenesta, så har Flora finansiert beredskapen sjølv. I den eksisterande ordninga har jordmor ved utrykking på vakt fått refundert kostnadar via HELFO og ved følgjetransport til fødeavdeling har jordmor fått betaling av HF. Årsaka til at det no vert fremja forslag om nedlegging av den kommunale beredskap- og følgjetenesta er at jordmor ikkje lengre kan krevje refundering frå HELFO for dei utrykkingane som ikkje resulterer i ambulansefølgje (nye føreskrifter gyldig frå 1.10.18). Dette får altså konsekvensar for kven som sit att med rekninga for slike utrykkingar, også kalla «blind alarm»-utrykk. Den nærliggande løysinga er at kommunen sjølv må dekke desse kostnadane.

Forslaget som LKVU har vedteke inneber difor at dei gravide i kommunen i framtida skal nytte HF sin  beredskap- og følgjeteneste og at dei ressursane som per i dag er nytta til jordmorvakta skal leggast til dagtid på helsestasjonen i Flora.

I HF si grunngjeving frå 2013 konkluderer dei med at det er både forsvarleg og praktisk at denne beredskapen for gravide vert organisert som møtekøyring frå Førde samt eventuelt tidleg innlegging på sjukehus. HF har si eiga jordmor som har beredskapsvakt og som er med i ambulansen ved behov. Andre kommunar som er knytt til HF nyttar seg av denne tenesta.

Fødselstal

Det blir naturleg å sjå nærare på fødselstala både for Flora og for nokre av dei andre kommunane som per i dag er ein del av HF si ordning. Tal henta frå SSB viser at Flora åleine i snitt har 80% så høge fødselstal som til dømes kommunane Gaular, Askvoll, Fjaler, Jølster og Naustdal har til saman. Det kjem fram av tilleggsopplysningar som LKVU har motteke at lokale representantar frå Den Norske Jordmorforening (DNJ) har vore i møte med klinikksjef ved føde- og barselavdelinga i Førde. Der blir det stadfesta at dei ikkje får ekstra midlar til å handtere dei ekstra henvendelsane og uttrykkingane som vil kome som ei følgje av ei potensiell nedlegging av vaktordninga i FK. 

At eg som gravid og fødande i den foreslåtte HF-ordninga dermed får eit betrakteleg svekka tilbod kontra det noverande tilbodet meiner eg er ein rimeleg påstand. Det same vil også gjelde for gravide og fødande i dei andre HF-tilknytte kommunane som er førespegla å dele den same mengda ressursar men med eit markant høgare tal fødande.

Viktigheita av jordmorvakta

Å vere gravid er noko dei fleste kvinner berre får oppleve eit par gonger i løpet av livet. For mange av oss er dei ni månedane som gravid ukomplisert, medan det for andre kan vere ei tid fylt med mange utfordringar - både psykiske og fysiske. Felles for alle er at jordmorvakta gir oss ein uvurderleg tryggleik; ein veit aldri kven som får eller når ein får komplikasjonar, blødningar, smerter, premature rier, fare for abort og så vidare. Men ein ting er sikkert, og det er at desse tilstandane ikkje berre oppstår måndag - fredag mellom 08:00 – 16:00 medan jordmor er på jobb på helsestasjonen.

Det same gjeld sjølve fødselen, der jordmødrene i eksisterande ordning har lang erfaring med å arbeide åleine på vakt og er van med å gjere nødvendige vurderingar høve fødselsforløpet. Berre i år har jordmødrene i Flora tatt i mot tre nye florøværingar der mor ikkje rakk å kome seg til sjukehuset før barnet var fødd. Å tru at lokal legevakt i kombinasjon med jordmora i beredskap for HF - som allereie har ansvaret for eit stort tall gravide kvinner i HF-tilknytte kommunar - er ei god erstatning for eksisterande ordning, meiner eg ei feilaktig vurdering. Og konsekvensen blir igjen at eg som gravid og fødande får eit svekka tilbod dersom vaktordninga blir lagt ned.

Det må også nemnast at det ikkje er fyrste gong vakta blir forsøkt nedlagt. I Firdaposten sin artikkel frå 18.oktober 2013 kjem det fram at kommunalsjef Norunn Stavø saman med rådmannen meinte at HF sitt tilbod ikkje var godt nok, og tilrådde difor at den lokale beredskapen vart oppretthalden.

Det kjem ikkje fram i LKUV si saksutgreiing korleis HF sitt tilbod, som den gong vart vurdert som utilstrekkeleg, potensielt har blitt endra dei siste åra for at tilbodet no skal kunne vurderast som tilstrekkeleg. Eg legg også merke til at kostnadsestimatet som blei nytta i 2013 (236.000) er betrakteleg lågare enn estimatet LKUV i år har nytta si saksutgreiing (650.000). Jordmorforeningen påpeikar for øvrig i sitt brev til LKUV at tala delvis er baserte på feil grunnlag.  

Totaliteten  

I saksopplysningane til LKVU kjem det fram at den totale jordmorressursen i Flora er 1,9 årsverk fordelt på mellom anna 0,6 årsverk til kontrollar og oppfølging og 0,8 til beredskap- og følgetenesta. Det står vidare at faglege vurderingar ligg til grunn for forslaget om å auke jordmorstillinga på dagtid og at det er vanskeleg å forsvare at 0,8 årsverk blir nytta til jordmorvakta når HF har eit eksisterande tilbod ein kan nytte seg av.

Eg meiner at ei auke av tilbodet på dagtid som skal gjennomførast på bekostning av jordmorvakta - eit tilbod som i følgje utrekningane i saksopplysningane blir nytta mellom 15 og 20 gonger per månad - er ufatteleg synd. For meg opplevast som at ein gir med den eine handa og tar med den andre. Vidare meiner eg at LKVU sitt eige estimat på at jordmorvakta årleg har mellom 180 – 240 uttrykk, og at dei aller fleste av desse skjer etter 17:00 på kvardagar, berre understrekar at behovet for vaktordninga i aller høgste grad eksisterer. For er det verkelig slik at ein meiner at det er betre å nytte ambulanse- og legevaktsressursar til handtere desse utrykkingane? Er det ressursmessig betre med tidleg innlegging av den gravide framfor at ho i samråd med jordmorvakta kan vere heime lengst mogeleg?

Det er fatta vedtak i Stortinget (748, 24.05.18) der "regjeringa bes om å styrke den kommunale jordmortenesta [...]" . Resultatet kjem til syne i statsbudsjettet for 2019 gjennom auka og øyremerka bevilgningar for å styrke jordmortenesta. Dette håpar eg det blir tatt omsyn til i sakshandsaminga slik at ein ikkje endar opp med eit kommunalt vedtak som står i kontrast til Stortinget sitt.

Så...

Kjære folkevalde politikarar: Ikkje rør ved ei ordning som er ekstremt viktig for oss! Legg heller til rette for at vi, døgnet rundt, kan føle oss trygge og ivaretatt av kyndige, dyktige og lokale jordmødre. Som minimum bør ein i alle fall kunne vente at de avventar med å handsame denne saka i Bystyret til Jordmorforeningen har fått diskutert og avklart forslag til ny finansieringsordning for utrykking med Helse- og Omsorgsdepartementet.

Å legge ned ei vaktordning berre representerer ei 80% stilling, men som betyr så mykje for så mange og som potensielt kan bli finansiert gjennom statlege refusjonsordningar også i framtida, verkar for meg korttenkt og ulogisk.

Og til LKVU; revurder! Ta omsyn til dei opplysningane de har motteke frå Jordmorforeningen og la fagforeininga og dei tillitsvalde som representantar for profesjonen og som sit med den faglege kompetansen, uttale seg og delta i diskusjonen før avgjersla blir tatt.  Vi er alle tent med at avgjersler blir tekne på bakgrunn av ei opplyst og fullstendig sakshandsaming i forkant. Det er tross alt våre liv og vår helse det handlar om!

Artikkeltags