Gledeleg gallup i Vågsøy

Kristin Maurstad Ola Teigen Kinn kommune ordførar

Kristin Maurstad Ola Teigen Kinn kommune ordførar Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Debatt:Raudt Flora er glad for den store motstanden folk i Vågsøy har mot den nye storkommunen Kinn, som kom fram i spørjeundersøkinga i lokalmediene sist veke: 31 prosent for og 62 prosent imot Kinn kommune. Viss det blir omtrent det same resultatet i junirøystinga, må kommunestyret i Vågsøy ta omsyn til det, og be Stortinget gjere om vedtaket om samanslåing.

Raudt har vore imot å slå saman kommunar og fylke, då dette er sentralisering som ikkje tener folk flest. NHO ynskjer det, då det blir meir interessant for private selskap å ta over drift i offentleg sektor når driftseiningane blir mykje større. Dette er særs uheldig, sidan private selskap driv verksemder på ein dårleg måte. Færre tilsette, fleire ufaglærte og inga pensjonsopptening, er ofte resultatet av privat drift.

Danmark har gjennomført «reforma», og dei fleste danskar synest dette er negativt. Det blir større avstand mellom folket og dei styrande. Den krafta som går med for å sy saman kommunane, kunne vore nytta til å gjere ein større innsats for innbyggarane. Kjem saka opp att i Stortinget, må Arbeidarpartiet og KrF stå for det dei før har sagt: Nei til tvangssamanslåingar. 
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags