Kva er vestlendingen sitt symbol?

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Vestland fylkeNår Hordaland og Sogn og Fjordane går saman i eitt fylke i 2020, skal vi finne eit nytt fylkesvåpen -  eit symbol som bind oss saman, eit teikn som uttrykkjer fellesskap, kva det tyder å vere vestlending, det som er våre særmerke eller historiske forankring. Du kan gje oss ditt forslag, og vere med på å stemme fram folkefavoritten!

I den opne innspelsrunden fram til 20. juni kan alle som vil, sende inn sine forslag til nytt fylkesvåpen for Vestland fylkeskommune. Mange har alt nytta sjansen: etter om lag éin månad har det komme inn over 300 forslag. Vi ønskjer oss endå fleire.

For at vi skal kunne finne det beste symbolet, er alle innspel viktige. Å få ei tilbakemelding på kva akkurat du meiner er eit verdifullt råd til oss i dette arbeidet. Ved å sende inn forslag og delta i nettavstemminga om folkets favoritt kan du gje oss eit råd om kva merke vi bør velje.

Samlingsmerke for vestlendingen

Det nye fylkesvåpenet vert eit symbol for det nye fylket og markerer ein ny felles identitet. Våpenet vil bli synleg i alle fylkeskommunen sine verksemder, og figurere på alt frå nettstader, brevhovud, bygningar og bussar.

Vi skal finne eit samlingsmerke som flest mogleg kan identifisere seg. Det må seie noko om oss som bur her: Er det vestlandsnaturen, kulturen, historia vår, næringsverksemdene eller andre ting som bind oss saman? Korleis kan dette framstillast i eit fylkesvåpen med krav til utforming og fargeval?

Nettavstemming og premiar

Dei forslaga som kjem inn i den opne innspelsprosessen skal handsamast av ein fagkomité og ein folkejury. Kvar skal dei plukke ut 10 forslag. Desse vil så bli lagde ut til nettavstemming blant alle oss som bur i Hordaland og Sogn og Fjordane. Her kan du stemme på din favoritt, og vinnaren av avstemminga får folkefavorittpremien på 25 000 kr.

Gjennom denne breie prosessen håpar vi at alle som ynskjer det får sagt si meining og delt sine tankar om det nye fylkesvåpenet med oss.

Kva er eit våpenmerke?

Bruk av våpenmerke har lang tradisjon, og er kjend i alle fall attende til mellomalderen. Dagens våpenmerke  til Sogn og Fjordane og Hordaland har i dag ulik tilnærming. Eitt symboliserer stadeigen natur og landskapsform, og eitt har historisk bakgrunn. 

Fylkesvåpenet til Hordaland viser ei krone over to krosslagde øksar. Motivet vart godkjent i 1961, men er kjend frå 1344 og henta frå St. Olavsgildet på Onarheim på Tysnes. Krona er kongekrona til Olav den heilage, og øksane er helgenmerket hans. Fylkesvåpenet for Sogn og Fjordane vart godkjent i 1983, og har ein abstrakt, moderne form. Merket er knytt til stadeigen geografi: dei tre blå fjordane Nordfjord, Sunnfjord og Sognefjorden. Sølvbotnen er symbol for landskapet mellom fjordane. Begge merka har vorte sterke og gode symbol for ulike regionale identitetar. No er det ei ny tid, og vi skal vi forme ny identitet.

Avgjerd hausten 2018

I løpet av hausten vert både folkefavoritten og dei 19 andre finalebidraga inspirasjon i ein designkonkurranse. Etter at designkonkurransen er avhalden vil fagkomiteen vurdere dei ferdige bidraga og foreslå eit av dei til nytt fylkesvåpen. Til slutt er det fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane som saman vedtek det nye merket.

Det viktigaste utgangspunktet er likevel innbyggjarane sine innspel i prosessen som går fram til 20.juni. No spør vi om din idé til eit samlande våpenmerke for det nye fylket. Vi ser fram til alle innspel!

Artikkeltags