Terningkast 0: Skram skule, kva no?

KREV AVKLARINGAR: Nils Myklebust ber om svar angåande Skram skule.

KREV AVKLARINGAR: Nils Myklebust ber om svar angåande Skram skule.

Av
DEL

Debatt:Rådmannen og Kommunalsjef for skule har først sagt at Skram Skule er farleg for elevane å være på, for så i Fjordenes Tidende å avkrefte dette slik kommunalsjef for skule seier i interjuvet på fredag. Då er det grunn til å reise nokre spørsmål: Kva er rett? Rådmannen nærmast skremte vetet av formannskapet sine medlemmar i siste formannskap, der han sa at han såg det ikkje forsvarleg å fortsette undervisninga der frå hausten 2020 av. Noko som førte til at formannskapet endra på eit enstemmig vedtak frå Oppvekst- og kulturutvalget. Fekk formannskapet feilaktige opplysningar?

Så må no kommunalsjef Jovoll svare på nokre spørsmål. Ved nedlegginga av Holvik skule der elevane vart overførde til Skram, så var det reist spørsmål om nettopp disse problema. Folkehelse, branntilsyn og arbeidstilsyn. Dette er no ikkje meir en 2-3 år sidan sjekka ut med at dei kritiske røystene berre kunne ta det med ro, Skram skule tilfredsstilte alle krav.

Kva har no endra seg i denne korte tida etterpå? Var beslutningsgrunnlaget feil då eller er det feil no? Det einaste som kan være relevant er om heisen let seg reparere. Her skal eg vere varsam med å dra nokon konklusjon, men spesielt truverdig er det ikkje. Dei andre tinga burde være kjent frå før eller er her komme nye reglar? I denne samanheng med å flytte elevane ut av Skram Skule, har det vore vurdert for eks å flytte ungdomskulen tilbake til Tennebø og så bruke Ungdomskulen som barneskule?

Etter mitt syn så bør ein i størst mogeleg grad nytte seg av at dei små barna kan gå til skule og ikkje verte sende med buss over brua i all slags ver.

Artikkeltags