Litt mindre papir - men meir journalistikk

Firdaposten gjer endringar i frekvensen for papiravisa, og vil frå 25. april kome ut to gonger i veka i staden for tre - men med tilnærma same sidetal totalt som før. Ressursane det frigjev, vil lokalavisa bruke på å utvikle seg digitalt.

Firdaposten gjer endringar i frekvensen for papiravisa, og vil frå 25. april kome ut to gonger i veka i staden for tre - men med tilnærma same sidetal totalt som før. Ressursane det frigjev, vil lokalavisa bruke på å utvikle seg digitalt. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Leiar:I løpet av 19. og 20. mars har Firdaposten sine abonnentar og annonsekundar fått meldinga om at lokalavisa deira er i endring. Med verknad frå 24. april vil Firdaposten si papirutgåve kome ut på onsdagar og fredagar, og ikkje tysdag, torsdag og fredag som i dag.

Bakgrunnen for endringa er verken dårleg økonomi eller behovet for å kutte kostnader. I staden handlar det om å bruke ressursane våre der brukarane våre er på veg, nemleg over på digitale flater. Ved å bruke litt mindre ressursar på papiravisa, ønskjer vi å lage endå betre digitale produkt, både på nett og på mobil. Med nye digitale tilbod og funksjonar, som til dømes digitalisering av Firdaposten-arkivet tilbake til 1948, lengre beredskapstid i døgnet i redaksjonen, ny kompetanse og satsing på levande bilder, ønskjer vi å styrke den lokale posisjonen vår som din viktigaste lokale nyheitsformidlar.

Frå 24. april kjem Firdaposten ut to gonger i veka på papir. Ressursane det frigjev, skal vi bruke til å gje deg endå betre digitale tilbod.

Svend Arne Vee, redaktør og dagleg leiar i Firdaposten

Grepa vi no tek, betyr på ingen måte papiravisa sin død. Papirutgåva av Firdaposten er viktig for mange, også for vårt totale tilbod som avis, og produksjonen vår på papir i løpet av ei veke vil bli omlag like stor som i dag – men kome til postkassa di to gonger i veka i fyldig versjon, i staden for tre.

Somme spør kanskje kvifor slike grep er naudsynte å ta i ei tid der avisa både tenar pengar og ikkje minst aukar i opplag igjen, etter mange år med avskaling. Svaret på det er todelt: Det er alltid rett å møte framtidas utfordringar medan ein står rak og rettvendt og har god marsjfart. Å bli pressa inn i endringar fordi ein må, og ikkje fordi ein vil, blir det sjeldan gode resultat av.

Men ein vel så viktig forklaring er opplagsutviklinga. Nettopp fordi vi allereie har lukkast bra digitalt, har vi klart å snu opplagstala til pluss, etter fleire år med nedgang. Nær sagt all auke av nye abonnentar kjem i form av digitale abonnement. Det tydelege signalet frå lesarane, og den forventninga det skapar til oss, er hovudgrunnane til endringa vi no gjennomfører.

Enkelte lesarar vil heilt sikkert vere skeptiske, og mange av desse er godt vaksne abonnentar som framleis ikkje har teke digitale tilbod i bruk. Her ønskjer vi å vere gode hjelparar og yte den servicen som trengst for at alle som vil, kan bli med på ferda vidare, for den blir garantert spennande! Vi håpar flest mogleg blir med som Firdaposten-brukarar inn i framtida, og at endringane viser seg å vere eit rett grep.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags