Ein retur til embetsmannsstaten

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Regionreform Voldingen Olav Torheim er realfagsforskar med doktorgrad frå Universitetet i Bergen. Torheim har vore aktiv i Norsk Målungdom og i Ivar Aasen-sambandet. Torheim var også blant initiativtakerne til det høgnorske språk- og kulturtidsskriftet Målmannen.

Når styresmaktene vil skifta fylki ut med regionar, kvifor ikkje krevja regionalisering etter europeisk mynster?

I Tyskland hev dei «Bundesländer» med eigne parlament, eigne regjeringar og eigne lover. Ein tysk kommune tel i snitt 7000 menneske medan dei 100 nye norske storkommunane kjem til å telja 50.000. Me skal få regionar og kommunar som er dei største i Europa, men utan større makt andsynes staten enn dei hadde tidlegare. Regionreformi er dimed ein retur attende til embetsmannsstaten, det er ei reversering av sjølvstyreprosessane som motkulturane dreiv fram på 1800-talet.

Regjeringsstyrd «regionalisering» gjev berre meir sentralisering: Um ein ser på det som vert sagt i den stortingsmeldingi som riksstyret hev lagt fram, so er det tydelegt at dei ikkje vil gje dei folkevalde regionane større politisk avgjerdsmakt enn det fylki hev i dag. Um samferdsel heiter det til dømes at “[s]tørre veger med sterke næringsinteresser kan vurderes overført til staten som en del av denne vurderingen”. Den nye regionen fær altso mindre fridom til å driva næringsutviklande og heilskapleg samferdselspolitikk enn det fylki hadde med dei gamle fylkesvegane!

Um landbrukspolitikken heiter det vidare at «det vurderes ikke som aktuelt å overføre landbruksoppgaver fra fylkesmannen til nye folkevalgte regioner.»

«Et godt samspill mellom statlig sektoradministrasjon og den kommunale og fylkeskommunale forvaltningen er en forutsetning for en effektiv forvaltning», vert det sagt i stortingsmeldingi. Dimed ser me kva det er tala um, statlege administrative regionar skal ikkje inkorporerast i dei nye og politisk styrde regionane, dei skal eksistera parallellt med dei statsunderlagde, byråkratiske regionstrukturane. Dei folkevalde regionpolitikarane fær med andre ord den same rolla andsynes dei statlege regionane som det EU-parlamentet hev andsynes EU-kommisjonen. Sistnemnde talar sjølv ope um det “demokratiske underskotet” som han slit med...

Sume hev nett av denne grunnen vorte ihuga for ideen um å skipa ein vestlandsregion som ei motvekt til sentraliseringstrugsmålet frå Oslo. Kor som er: Den vestlandsregionen som styresmaktene legg upp til, han kjem berre til å driva fram ei sentralisering kring Bergen og Stavanger. Her kunde det vera på sin plass å sitera Jon Fosse, som i eit intervju i Bergens Tidende slo fast at det finst ei kulturell kløft millom Bergen og Vestlandet. «Bergenskulturen har definert seg negativt mot strilekulturen», slær han fast. Liknande tanker uttrykte nylegt Bård Vegard Solhjell.

«Eit utvida Sogn og Fjordane, der Sunnmøre er med, gjev maktbalanse andsynes det langt meir folkerike Hordaland og Rogaland.»

Um ein til dømes jamfører Sogn og Fjordane sine 110.000 menneske med den halve millionen som bur i Hordaland, so veit ein kvar tyngdepunktet i ein samanslegen fylkeskommune kjem til å liggja. Når dei politiske institusjonane i Sogn og Fjordane vert burte, so kjem det helder ikkje til å vera politiske krefter att til å driva utvikling på region-nivå.

Alternativet: Desentralisert regionalisme på fullnorsk grunn: Ein kunde ha sett fyre seg eit imperialt Europa, tufta på noko anna enn reine marknadsumsyn - der den etniske og kulturelle identiteten stend i sentrum, og der det andre finn sin naturlege plass i eit hierarki. Nord- og Sør-Europa kann verta motpolane som spinn kring den same imperiale aksen. Liknande visjonar kann kastast fram for vårt eige langstrekte land.

Me kann faktisk ha både regionar, fylke og kommunar dersom me ynskjer det. I Tyskland hev dei både Bundesländer, Kreise og Gemeinde. På same måten hev franskmennene både regionar, departement og kommunar. I staden for å leggja ned fylki, so kann me innføra regionar som eit fjorde forvaltningsnivå. Me kann få dei reint byråkratiske regionane (helse- og skatteregion) inn att under politisk kontroll.

Ein sjølvstendig vestlandsregion: Ein vestlandsregion kann verta sett i hop av Sunnmøre, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Det hev alt kome klåre politiske signal frå Sunnmøre um at dei helder vil vera med i ein vestlandsregion enn å leggja seg inn under Trondheim. Eit utvida Sogn og Fjordane, der Sunnmøre er med, gjev dessutan maktbalanse andsynes det langt meir folkerike Hordaland og Rogaland.

Etter tysk mynster kann me få ein vestlandsregion med sjølvstendig skulepolitikk, næringspolitikk, samferdselspolitikk, landsbrukspolitikk, språkpolitikk og innvandringspolitikk. Me fører inn att landsgymnaset på Voss med norrønalina – og fær slutt på at asylmottak vert påtvinga småe lokalsamfund. Etableringi av akuttmottak er i dag ingen politisk prosess, det vert styrt av fylkesmannen og UDI. Halvor Fosli hev dokumentert at nordmenner i Groruddalen er vortne «framande i eige land». Slik treng me ikkje ha det på Vestlandet! Ein vestlandsregion bør gje nynorsk eit røynlegt lovvern som eit regionalspråk. Retten til parallellklassar på bokmål i nynorskumråde bør fjernast, sidan han einast tener til å utbreida bergensmål og bokmål og trengja burt lokale dialektar og kultur.

Den rådande nasjonale politikken favoriserar store bruk på Austlandet. Jordbrukspolitikk måta etter småbruk med økologiske nisjeprodukt, det er framtidi for landbruket på Vestlandet. Vestlandsregionen treng ein sjølvstendig landbrukspolitikk som legg til rettes for dette.

Arne Garborg skreiv i «Vaar nationale Strid» at kampen stod millom det norske folket og eit framandt embetsmannsvelde. I våre dagar hev EU, EØS og TISA/TTIP gjort dette embetsmannsveldet både globalt og permanent. Det er tid for ein motstøyt!

Artikkeltags