Etter Notodden Blues

JUBEL: Rallarberget frå Notodden har hatt meir å juble for enn Stimen frå Florø hittil i år. Men det snur fort i Fotball

JUBEL: Rallarberget frå Notodden har hatt meir å juble for enn Stimen frå Florø hittil i år. Men det snur fort i Fotball Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Laget frå bluesbyen sørga for ein skikkeleg blåmåndag for Florø denne veka. No gjeld det å slå tilbake.

DEL

KommentarI pausen under OBOS-kampen mellom Florø og Notodden sist søndag fekk spelarane i bortegarderoben ei skikkeleg overhøvling. Trenar Kenneth Dokken likte ikkje det han såg. Laget blei for resultatorientert. Spelarane torde ikkje halde i ballen. Dei hadde ikkje sjølvtillit til å gjere det dei skulle. Dette var årsverste meinte han. No fekk dei pina det sjå til å ta seg saman. Notodden er ikkje i OBOS-ligaen på turistvisum. Notodden leia på det tidspunktet 1–0.

Tordentalen såg ut til å ha god effekt. Med ein målkåt Erik Midtgarden i spissen var laget frå Telemark utilnærmelege i andre omgang. Notodden kontrar våre gutar i senk, og vinn 4–1. Bluesen blei verande igjen i Florø.

I OBOS handlar det ikkje om kven som styrer kampen. Det som gjeld er å vere sterkast både i eigen, og i motstandarens boks. Det er ikkje mine ord. Steffen Landro sa det etter at hans lag, Nest-Sotra, hadde tapt mot Åsane i årets første OBOS-kamp. Ein kamp der Nest-Sotra var fullt på høgde i banespelet, men kom sørgeleg til kort i dei avgjerande situasjonane. Det same var tilfelle på stadion på søndag. Notodden har matchvinnarar i begge endar av bana. Med Gjermundstad og Hove ute har ikkje Florø det. I alle høve hadde dei det ikkje på søndag. Spelemessig er dei fullt på høgde, kanskje til og med best i første omgang, men dei klarar ikkje å skape dei feitaste sjansane, og når Notodden glefser til, heng dei ikkje med.

Åsane er neste motstandar for eit Florø-lag som hittil har stått fram litt som Dr. Jekyll og Mr. Hyde. Fire poeng etter botnsolid defensiv innsats i dei to første kampane har blitt bytta ut med ein litt meir offensiv tendens, men åtte baklengs i dei to siste kampane. Skader har nok mykje av skulda. På fire kampar har Florø mønstra tre forskjellige midtstopparkonstellasjonar. Tre mann har prøvd seg i den viktige ankerrolla på midten. På topp har tre mann fått sjansen fra start. Det er ikkje ideelt, men lite å gjere noko med på kort sikt. Skader vil oppstå, og det er ein del av det ein må handtere om ein skal vere eit topplag. No gjeld det å nullstille, få tilbake den defensive kontrollen, innstille seg på at kvar kamp blir som ein liten cupfinale, og håpe at dei kan begynne å plukke poeng igjen. Åsane på Myrdal neste helg er eit godt høve i så måte. Åsane står, som Florø, med fire poeng på fire kampar. Dei har tapt stygt mot Viking og Strømmen borte. Heime har dei slått Nest-Sotra og spelt uavgjort mot HamKam. Det ser overkommeleg ut. Tre Florø-poeng her kan bli utruleg viktig når vi skal telje opp utpå hausten. Ikkje minst fordi det vil bety tre poeng mindre til Åsane.

Det er framleis vanskeleg å seie kor gode Florø eigentleg er i år, men håpet skin like lysegrønt som graset til Even Hamn. OBOS-ligaen har alltid vore litt bingo. Alle kan slå alle. For dei fleste laga er det slik at tapar du to kampar på rad, så er du i botnstriden. Vinn du to på rad er du oppe og luktar på kvalik. Blåmåndagen kjem tidsnok til Notodden. Florø skal reise seg igjen. På søndag må dei hugse å pakke slåsthanskane i sekken. Ein ting er sikkert, kjedeleg blir det ikkje.

Artikkeltags