Vil Kinn-skuta gå tom for diesel?

Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Martin Hagen kjem med flotte betraktningar om Kinn. Når han omtalar enkelte ting i mine faktainnlegg , blir det vell mykje rot.

DEL

Debatt 1. Del 1 av mitt innlegg var ikkje noko budsjett slik som Hagen skriv, men eg viste til ein del kjende fusjonsfaktorar som Telemarksforsking òg har framheva. Sidan ein her har planlagt å  gå inn i eit felles kommuneekteskap, er dette vesentleg å vurdere.

2. Om arbeidsgjevaravgift skriv Morten at ordninga skal reviderast i 2021 og alt er uvisst. At ordninga skal reviderast er kjent for alle. Ekspertane i Telemarksforsking har teke høgde for dette og ut frå deira viten skriv dei at dei «reknar i utgangspunktet med at Vågsøy vil gå opp i sone ETTER NESTE REVISJON». Og vidare - «Det kan være mogleg å søke om kompensasjon for brå soneoppgang, men det finst pr. i dag ingen klare signal om ei slik eventuell ordning». Tidlegare kommunalminister Sanner har stadfesta mykje det same i eit brev som er sendt til fellesnemnda, der han understreker at «den nye kommune ikkje vil innfrie kreteria for innlemming i ordninga slik regelverket er i dag». Det er dermed ein konklusjon at, etter dagens godkjende regelverk, vil Vågsøy gå opp i sone. Det betyr ein ekstrakostnad for Kinn på 9,8 mill. kr. pr. år.

3. Når det gjeld den store ubalansen i lånegjelda, så skreiv eg «total lånegjeld» utan å skilje ut det som er såkalla sjølvfinansierande. Dette fordi det ikkje finnast noko nøytral kjelde å hente info frå. Felles for all gjeld er uansett at ei renteauke merkast. Den store forskjellen i nye låneopptak mellom kommunane, fortel at det er i Sør Kinn (Flora) det skal investerast stort.

4. Når det gjeld dei store variasjonane i demografikostnadar fram til 2040, så skriv Telemarksforsking at Vågsøy får ei auke i utgifter på 58 mill. kr og Flora 193 mill. kr.. Ordførar Teigen har sagt at tal heildøgnplassar må meir enn doblast, frå 130 som skal være klare til neste år til 274 i 2040.               Ja, ein får kompensert ein del utgifter, men det medfører òg utfordringar og ekstra utgifter.                  I sak 085/17, som var oppe i Flora KS 03.10 2017, har Heggheim skrive følgjande i forhold til vurdering om framtidig statleg kompensasjon for auka demografi kostnad; sitat «Det er grunn til å tru at kommunen sjølv må bidra til å løyse den økonomiske demografi-utfordringa vi står ovanfor»

No får vi sjå om det vert kommuneekteskap eller skilsmisse? Vert det giftemål og kjærleik, så må ein som seg hør og bør dele  på både inntekter og utgifter. I Vågsøy er det rom for auka inntekter på eigedomskatt. Dette kjem truleg godt med som eit bidrag til eldreomsorga i Flora.

Eit råd til Flora kunne vore å prioritere eldreomsorga og vente med nytt rådhus til 150 mill. kr..      Men nytt flott rådhus vert sjølvsagt vesentleg når ein skal stå fram som eit «maktsenter på kysten»!

Ellers har Teigen og Heggheim vore flink å fortelje om tilskot som kjem dei første 15 av dei 20 åra refomtilskotsperioden varer. Kvifor har ein ikkje informert om den årlege reduksjonen i tilskot på 17. 1 mil kr som kjem siste 5 åra ?  Som kjent får ein først « gullrøtter» og så innstramming. Ein takker JA til begge deler. Innstrammingane viser tankar bak kva effektivisering  ein bør oppnå for at ei samanslåing er fornuftig. Er det mogleg ein grunn til at kommunalministeren sa NEI til KINN?

Til slutt, eit tips:

Når Heggheim skal presentere effektiviseringsgevinst neste gong, så må han hugse å få med ein motpost på ekstra båt-transport, som det har vore hevda er ein føresetnad for denne «kommunedraumen». -Ville vore trist med budsjettsprekk og tome dieseltankar.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken