Hjorteviltet er truga

Hjorteviltet står framfor eit av sine største trugsmål etter utbrotet av sjukdomen cwd, og det er i jegerane si eiga interesse å støtte opp om det komande forskingsarbeidet.

Hjorteviltet står framfor eit av sine største trugsmål etter utbrotet av sjukdomen cwd, og det er i jegerane si eiga interesse å støtte opp om det komande forskingsarbeidet.

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Leiar:I fjor haust blei det gjort tre funn av prionsjukdomen Cronic Wasting Desease (CWD) i Norge. Denne veka kom funn nummer fire. To av dei er gjort i Sogn og Fjordane på villrein, og mykje tyder på at den for hjorteviltet dødelege sjukdomen, no er etablert i Norge, som første land i Europa.

Både Norsk Institutt for Naturforsking (NINA), Mattilsynet og andre statlege og kommunale instansar har sidan funna i fjor jobba på spreng med først å leggje ein strategi, og deretter få på plass eit prøvetakingsregime framfor haustens storviltjakt. Hjortejegerane i Flora er ein av kommunane som er plukka ut i arbeidet som skal gi forskinga og forvaltninga svar på kor utbreidd den svært så seigliva sjukdomen er i skogane og fjella våre.

sitat cwd 

I somme jegerkretsar blir det som no har skjedd bagatellisert. «Det er ikkje farleg for menneske», slår somme fast – og med det undervurderer dei problemet grovt. Dei siste 25 åra har vore ein gullalder for norsk storviltjakt, der førstehandsverdien av det sunne, kortreiste viltkjøtet for lengst har passert tre milliardar kroner årleg. Storviltjakta har for mange bønder og rettshavarar blitt ei viktig inntektskjelde – og rekreasjonsverdien for jegerane er så stor at mange omtalar den som viktig i eit folkehelseperspektiv.

Vi trur det som no er i ferd med å skje, kan vere den største krisa i norsk landbasert natur og utmark sidan det store angrepet av granbarkbiller i åra 1976 til 1981. Då gjekk det tapt skog for hundrevis av millionar kroner for skogeigarane. Men skilnaden ligg i at mot barkebillene hadde ein botemiddel. Dei kunne fangast med feromon-feller. Mot CWD-sjukdomen finst det ingen kur, i alle fall ikkje så langt. I USA, som har slite med CWD i 30 år, er einaste medisin å hindre spreiing gjennom hard nedskyting av så mykje som 80 prosent av hjorteviltstammene. Eit slikt scenario vil vere forferdeleg for ein allereie arts- og dyrefattig norsk fauna.

Hjortejegerane i Flora vil støtte opp om tiltaket om hovudinnsamling frå felte dyr når jakta startar i dag; signala frå jegermiljøet tyder på det. Og det er definitivt i deira eiga interesse, om dei sjølve og etterkomarane deira skal kunne halde fram med hobbyen sin i framtida. Utan eit godt forskingsgrunnlag vil vi i alle fall ikkje stå rusta til å setje inn naudsynte tiltak mot CWD.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags